Kriselova er endeleg vedteken på Stortinget

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Lovforslaget er behandla på rekordtid, etter at regjeringa la det fram torsdag førre veke. Det vart kraftig stramma inn av partia på Stortinget før dei stemte over den første gongen laurdag. No står berre behandling i statsråd att før lova kan ta til å gjelde.

Kan endre lover utan Stortinget

Lova gir regjeringa moglegheit til å endre på 62 ulike lover utan å gå via Stortinget. Mellom anna kan reglar for arbeidstid og saksbehandlingstid blir sette til side.

Men det som først må vurderast, er om det er mogleg å endre reglane på vanleg vis, altså ved å gå via Stortinget.

Eit mindretal på ein tredel av dei folkevalde kan òg stanse ei regelendring ved å sende ei melding til Stortinget om dette.

Varar i ein månad i første omgang

Lova gjeld berre for éin månad, men Stortinget kan forlenge perioden. Også forskriftsendringar regjeringa gjer, gjeld berre så lenge lova gjeld.

Leiande juristar gjekk kraftig ut mot det opphavlege lovforslaget, fordi dei meinte det ville gi regjeringa alt for vide fullmakter. Reaksjonane var mildare etter at forslaget fekk endringar som ga regjeringa noko mindre makt og over kortare tid.

Student Karoline Skarstein merkar koronakrisa på psyken og etterlyser strengare tiltak. Foto: Renate Wiik