«Skjerpings, gutar»
Eg hugsar sjølv då vi hadde prøveval i klassen på ungdomsskulen og alle gutane stemte på Framstegspartiet «på kødd». Eg trur at mange rett og slett ikkje er modnare enn det, skriv Edvard Storm Simonsen.
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
47 prosent av norske menn mellom 18 og 29 år seier dei ville ha røysta på Donald Trump.
Eg er ikkje ein av dei.
Det er interessant å høyre argumentasjonen til nokre av dei som seier dei ville ha støtta Trump. Når støtta er så stor, er det viktig å vite kva ho kjem av. Likevel er eg ueinig.
Trening, biff og diesel
Herman Winther seier til Aftenposten at han er ein av dei som ville ha røysta på Trump. Som forklaring på den overraskande høge Trump-støtta trekker han fram at høgresida verdset ting som trening, å ete saftig biff og å køyre feite dieselbilar, mens venstresida snakkar det ned.
Er det verkeleg dette politikk handlar om for oss? Er vi unge menn så egoistiske?
Fordi venstresida «snakkar negativt» om desse tinga så skal vi vere så hårsåre og bitre at vi skal støtte ein mann som vil ta frå kvinner retten til å bestemme over sin eigen kropp og sette demokratiet i verdas mektigaste land på spel? Eg kjenner at eg vert heilt matt. Eg er flau over å vere ein del demografien.
At noko var greitt før er eit utruleg dårleg argument
Det er ingen som stoppar deg frå å trene, ete biff og køyre dieselbil. Det vert latterleg uproporsjonalt å bruke det som argumentasjon for å heie på ein kriminell, kvinnefiendtleg, smårasistisk narsissist med diktatoriske tendensar.
Winther seier også at mykje av det Trump står for ikkje var kontroversielt for ti år sidan. At noko var greitt før er eit utruleg dårleg argument for at det burde vere greitt framleis.
Feil mann
Også økonomistudent Nick Radan skriv hos NRK at han hadde røysta på Trump viss han hadde budd i USA.
Han trekker fram at i ei verd der mange føler at dei politiske institusjonane har svikta, er Donald Trump ein som faktisk tar opp kampen mot systemet. Det er ein kreativ måte å sjå på det.
Trump har mellom anna nekta å godta valresultatet i 2020, hissa til storminga av kongressen 6. januar 2021, gjer det han kan for å politisere domstolane, og sagt at viss han vinn valet i år, vil veljarane ikkje trenge å stemme igjen ved neste val.
Beklagar Radan, men viss du er oppteken av å bevare demokratiske institusjonar er ikkje Donald Trump din redningsmann.
Radan skriv også at politikarane verkar å vere meir oppteken av tema som klima og solidaritet, mens unge berre bryr seg om å få endane til å møtast. Det er forståeleg. Spørsmålet er om Trump-politikk er det som vil hjelpe dei med å få endane til å møtast. Eg tviler.
Kontrære gutar
Simen Velle, leiar i Framstegspartiets ungdom, sa i Debatten på NRK at han trudde mykje av grunnen bak støtta var at unge menn har eit behov for å vere kontrære. Det trur eg er riktig. Eg hugsar sjølv då vi hadde prøveval i klassen på ungdomsskulen og alle gutane stemte på Framstegspartiet «på kødd». Eg trur at mange rett og slett ikkje er modnare enn det.
Det er lett å sitte i Noreg og klage over at det ikkje er lov å seie noko lenger og at venstresida ikkje tar unge menns problem på alvor. Viss folk hadde sett seg inn i korleis det hadde vore å bu i eit Trump-regime, trur eg dei aller fleste ville valt å bu i sosialdemokratiske Noreg.
Det å støtte Trump er å dra den litt vel langt
Kamala Harris-venstresida av amerikansk politikk er samanliknbar med den norske høgresida. Eg trur dei fleste eigentleg veit det.
Til og med Simen Velle, sjølve symbolet på høgrebølga blant unge norske menn, håper Harris, og ikkje Trump, vinn valet. Det burde vere ein peikepinn på at det å støtte Trump er å dra den litt vel langt.
Skjerpings
Eg trur mange uttrykker støtte til Trump som ei form for provokasjon. Likevel fryktar eg at Winther sin analyse om at vi bryr oss meir om kjøtt og diesel enn demokrati stemmer meir enn eg skulle ønskje at han gjorde. Vi kan ikkje avskrive det, sjølv om logikken er idiotisk. I alle høve er det trist at vi er så opptekne av oss sjølve.
Skjerpings, gutar, de gjer meg flau.