Norled får refs for å avvisa ungdom med ungdomskort

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ifylgje NRK har ungdom frå Solund som vekependlar til Måløy for å gå på vidaregåande skule, fleire gonger opplevd at dei må stå att på kaia fordi båten er full. Dei får ikkje lov til å bruka ungdomskortet til å reservera plass på førehand slik andre reisande kan gjera.

Gruppeleiar for Vestland KrF, Trude Brosvik, reagerer sterkt på praksisen til reiarlaget og har no bede fylket sjå på saka.

– Eg synest Norled opptrer uakseptabelt, seier Brosvik til NRK.

Hybelbuarar skal få reise heim

Ho peikar på eit sentralt poeng med ungdomskortet er at hybelbuarar skal få reisa heim. Ved å kjøpa kortet kan ungdom i alderen 16 til 19 år reisa så mykje dei vil med kollektivtransport for 375 kroner i månaden, fordi fylkeskommunen dekkjer mellomlegget til ein vanleg billett.

Når Norled nektar ungdom med ungdomskort å bestilla billett, meiner Brosvik det er i strid med det fylket har betalt transportselskapa for.

Ho får støtte av ordførar i Solund, Gunn Åmdal Mongstad (Sp), som håpar at Vestland fylke og Norled kan finna ei løysing på saka.

Norled føreslår vanleg billett

Regionsjef for hurtigbåt i Norled, Bjørn Egil Søndenå, fryktar at ungdom ikkje vil nytta seg av billetten dersom det blir mogleg å førehandstinga plass gratis, og at det igjen vil gå ut over andre.

Han seier dessutan at det er vanskeleg å få til spesialordningar i eit automatisk bookingsystem, og føreslår i staden at hybelbuarane kjøper vanleg billett på nett. Det meiner elevane frå Solund er for dyrt. I ifylgje NRK må dei då må ut med 530 kroner ein veg til og frå Måløy