«Eit kystopprør som ingen svarar godt på»

Ole August Iversen, Møre og Romsdal Sosialistisk Ungdom
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Elevar demonstrerer mot kutt i skulane. Pendlarar demonstrerer mot auke i ferjetakstar. Fylkeskommunen haltar vidare som eit skadeskutt dyr. Budsjettkutt har sin pris, og det er folket som må betale. Er dette rettferdig? På ingen måte.

Fylka som er veldig avhengige av ferjer slit i desse dagar med å få endene til å møtast. Det blir spekulert i at ferjedrifta er underfinansiert med fleire hundre millionar. Møre og Romsdal fylkeskommune må kutte over 100 millionar i året om dei skal unngå å hamne på ROBEK-lista i nær framtid. Og samstundes blir det sagt at fylket ikkje får nok til å drifte ferjene dei ønskjer.

Fylket har gått inn for å kutte i nesten alle YSK-linjene, media og kommunikasjonslinjene i tillegg til å sette opp ferjene i fylket med to og tre takstsoner. I praksis betyr dette at mange folk blir dømde til å måtte betale opp mot 10 000 kr ekstra i året for å komme seg på arbeid. Og samstundes blri det spekulert i kvifor folk ikkje ønskjer å bu i distriktskommunane, og kvifor folk flyttar frå fylket vårt.

Det blir veldig lett å skulde på klimakrav i anbod og oppgradering av ferjekaier som kostnadsdrivar nummer ein. Men her sitt problemet i noko meir grunnleggjande: Ferjedrifta har blitt delprivatisert, ferjene og reieria selt til høgstbydande.

Når Møre og Romsdal fylkeskommune først sette ferjene ut på anbod sparte dei enorme summar fordi anbodstakarane bydde under kvarandre for alt dei klarte. Men ferjereieria verte færre og nye anbodsrundar med strengare krav ga høve til å rekne inn stor profitt.

Når ein ser at alle ferjefylka slit med økonomien samstundes som Fjord 1, Norled, Torghatten og Boreal går med enorme overskot, Fjord 1 med rekord, så er ikkje det tilfeldig. Dette er politikken som høgresida (og Arbeidarpartiet den siste tida) har ropt høgt om, som dei seier skal løyse alle verdas problem, i praksis. Arbeidarpartiet har blitt skeptiske: tidlegare fylkesordførar frå AP, Jon Aasen, har vore ute i Nytt i Uka og kritisert opplegget og sagt det det har blitt urettmessig dyrare, men Arbeidarpartiet har ikkje lyst til å ta problemet ved rota, og han seier at det ikkje er rettferdig at fylkeskommunen skal sitte ved begge endene av forhandlingsbordet.

I praksis har ikkje fylkeskommunen noko å stille opp med

Når ein har kontroll over driftsmidlane, i dette tilfellet ferjene, så har ein enormt mykje makt. Om fylkeskommunen ønskjer å ta drifta tilbake, fordi dei ser at her er det mykje som ikkje går til drift, så har dei ikkje anledning til det, fordi dei privateigde reieria eig alle ferjene, og er dei einaste som kan levere anbod. I praksis har ikkje fylkeskommunen noko å stille opp med. Dei er tvungen til å måtte kjøpe tenestene frå reieria som har ferjer. Og då er det reieria som har omtrent all makt til å forhandle.

Det er heilt sant at det kostar å ruste opp ferjeanløp til å handtere elektriske ferjer. Det er heller ikkje til å stikke under stol at regjeringspartia ikkje er særleg villig til å legge ut for infrastrukturkostnadane. Men det er eigentleg nok pengar i sirkulasjon til å halde fram med ein desentralisert skulestruktur (som Høgre mellom anna er imot) og samstundes ha lave ferjepriser med eit tilbod tilpassa behovet til øybuarane. Men problemet er når fleire hundrevis av millionar går til privat profitt i noko som bør vere ei offentleg oppgåve. Ferjene er tross alt ein del av vegnettet vi alle er avhengige av.

Dei som kvar dag går på jobb på ferjene, om det så er søndag eller andre høgtider, gjer ein enormt god jobb. Om det så er på ei elferje eller på ei gamal dieselferje. Dei personleg har ingenting å tene på at Fjord 1, Norled, Torghatten eller Boreal går med enorme overskot, kanskje dei blir lønna med ein bedriftsfest ein gong i skotåret. Dei må framleis handtere misnøye frå pendlarar som slit med å få ender til å møtast utan at det står i stillingsskildringa. At dei klarar å stå i dette handlar om yrkesstoltheit, ikkje profitt til eigarane. Fylket vårt treng at dei som har makt er villig til å få MRF-logoen tilbake på ferjene, slik at fylket slepp å måtte kutte i skular og drive avfolking av distrikta.

Regjeringspartia har ikkje problem med at distrikta blir avfolka, dei regelrett bryr seg ikkje.

Til sjuande og sist er dette eit politisk spørsmål. Regjeringspartia har ikkje problem med at distrikta blir avfolka, dei regelrett bryr seg ikkje. Difor stemmer dei ned å tilføre meir midlar til ferjefylka, som i seg sjølv ikkje er meir enn eit plaster på ein knekt fot, fordi kostnaden held fram å auke.

Vi treng parti som emnar å sjå at den nyliberale delprivatiseringspolitikken ikkje fungerer etter hensikta, og som vil ta drifta tilbake til folket. Men dette er ei oppgåve fylkestinget aldri vil klare med deira økonomiske rammer, men stortingsvalet er ikkje meir enn 2 år til, og løysinga finn du vertfall ikkje på høgresida!

Har du noko på hjarte? Send til tips(a)framtida.no.

Extinction Rebellion i aksjon i og utanfor Miljødirektoratet. Foto: Ingvild Eide Leirfall