Transport for ungdom

Trygt heim: – Ein liten kostnad i eit større perspektiv

Unge er spesielt utsette for å bli skadde i trafikken. – Kommunen har ansvar for å bidra til at ungdommar kan ta gode val, seier leiar i Ung i trafikken, Stig Eid Sandstad.

Oda Sundgot
Publisert

Risikorapportar frå Transportøkonomisk institutt viser igjen og igjen at unge er spesielt utsette i trafikken. Ungdom mellom 18 og 24 år har høgast risiko for å bli skadde i trafikken, både som sjåfør og passasjer.

I 2021 og 2022 auka talet på ulukker blant unge sjåførar på natta i helgene.

– Eit fantastisk tiltak

«Trygt heim» er eit transporttilbod for unge som finst i fleire kommunar. Tilbodet skal sikre at unge kjem seg heim på ein trygg og rimeleg måte etter sosiale arrangement eller festar.

Korleis tilbodet blir løyst varierer frå plass til plass. Ofte kan ein bestille ein drosje og betale ein eigendel på rundt 50 kroner.

Portrettbilete av Stig Eid Sandstad. Han har grått hår, briller og ei blå skjorte

Stig Eid Sandstad er dagleg leiar i Ung i trafikken | Foto: Ung i trafikken

– Trygt heim er eit fantastisk tiltak som fleire kommunar burde ha, seier Stig Eid Sandstad.

Han er leiar for organisasjonen Ung i trafikken og meiner kommunar må legge til rette for at unge skal kunne ta gode val.

– Å reise på fest og debutere med alkohol er for mange ein del av å bli vaksen. Ein av grunnane til at folk fyllekøyrer, er at dei treng å forlate ein situasjon raskt, til dømes ein krangel eller eit brot med kjærasten.

Å kunne «rømme» på ein organisert måte meiner han er viktig for å unngå fyllekøyring.

– Mange tar gode val viss dei har moglegheit til det. Men kommunen har ansvar for å bidra til at unge kan ta gode val, seier han.

Å ha ein edru forelder som har moglegheit til å hente kan òg bety mykje.

– Eg oppfordrar foreldre til å kutte fredagspilsen om dei har eit barn som skal på fest. Ver bevisst på å vere meir tilgjengeleg.

Sparte 11 millionar

Då Trygt heim-tilbodet starta i Sogn og Fjordane i 2002, var målet å redusere helgeulukker.

I 2005 publiserte Transportøkonomisk institutt ei undersøking av Trygt heim i Sogn og Fjordane.

I rapporten såg dei ein nedgang i talet på skadde og drepne etter at Trygt heim blei innført. I gruppa 16–30, gjekk skadetala ned 22 prosent.

Tilbodet sparte truleg samfunnet 11 millionar kroner, eller 4,4 gongar så mykje som drifta av Trygt heim kosta.

– Betre kollektiv gjer vegen tryggare

I Kvinesdal har dei eit aktivt rånemiljø og mange har moped- og motorsykkellappen.

Simon Netland (16) sit i Kvinesdal ungdomsråd. | Foto: Privat

– Det er berre nokre få som ikkje har trimma motoren. Det er ein risikosport å køyre rundt på motorsykkel, seier Simon Netland (16).

Han er klar over kor farleg det kan vere å vere i trafikken. Det finst mange historier i Kvinesdal om folk som har omkomme i trafikken.

– Kommunen har eit stort fokus på at unge ikkje skal bli skada i trafikken. I foreldregenerasjonen var det fleire som køyrde seg i hel, men det har blitt mykje betre no.

Dei store avstandane mellom heim, fritid og verv var litt av grunnen til at Netland valte å ta motorsykkellappen.

– Eg trur at eit betre kollektivtilbod vil gjere vegen tryggare. Folk treng ikkje køyre så langt, og det blir mindre press på å ta lappen.

Kostnad for samfunnet

Det kostar samfunnet 30 millionar kroner kvar gong nokon døyr i trafikken.

Sandstad har ikkje tal på kor mykje det kostar når nokon blir hardt skadde. Det blir eit stort og komplisert reknestykke med mange variablar.

– Å setje opp Trygt heim er ein liten kostnad i eit større perspektiv. Kommunen sparer mykje på å unngå at folk blir hardt skadde. I nokre tilfelle kan personen trenge pleie resten av livet, seier han.