Innlegget vart skrive 6. mars, før den siste koronautviklinga i Noreg.
I barndommen min lærte eg ein ting eller to om fellesskap. Sjølv om eg ikkje var noko særleg flink i grunnskulen, så var eg heldig nok til å ha lærarar som brukte ekstra tid til å hjelpe meg. Og som sa dei hadde tru på meg. Det har nok vore heilt avgjerande i livet mitt.
Men det har også vore tilfelle som har vore avgjerande for livet mitt. Når eg som 7 åring fekk bakterieinfeksjon og balanserte mellom liv og død på sentralsjukehuset i Førde, så fekk eg bokstaveleg talt hjelp som redda liv. Ambulansen kom i tide, og legane gjorde ein utruleg god jobb. Dei henta meg tilbake frå bristepunktet og ga meg ein ny sjanse i livet.
Det har nok vore heilt avgjerande i livet mitt
Fleire år seinare skulle eg oppleve å møte mi eiga bestemor Elfrid på sjukesenga for aller siste gang. Ho var ei mykje tøffare dame enn det eg kunne tenkje meg. Sjølv kjente eg meg mindre tøff enn nokon sinne. Det var sårt. Likevel såg eg at dei tilsette tok seg tid til å vere med ho som eit menneskje. Og det: Det har eg alltid vore takknemleg for.
- Les også meiningsinnlegget: At det finst mogelegheiter for alle i Nord-Noreg er sprøyt
Vi tenkjer ikkje på det i kvardagen, men det er kanskje dette som betyr aller mest i liva våre. I jula blei eg forlova. Ja, eg var så nervøs at eg måtte øve på å gå ned på kne på badet før eg fann motet og stilte det store spørsmålet. Vi har kjøpt vårt første hus. Og på eit eller anna tidspunkt får vi kanskje nokre smårollingar som skal møte verda for første gong.
Då er det nettopp dette som blir avgjerande: At dei får hjelp og oppfølging i skulen. Nokon som trur på dei. Eit helsetilbod som er trygt og godt når noko går gale. At den dagen dei sjølv skal besøke nokon for siste gang og halde ei varm hand på sjukesenga, at dei tilsette då har nok bemanning og tid til å møte dei eldre med meir enn stell og medisinar. Som menneskje med varme og humør.
Noko av det finaste eg veit med landet vårt er takhøgda for å vere ueinige med kvarandre
Det vil handle om prioriteringar. Noko av det finaste eg veit med landet vårt er takhøgda for å vere ueinige med kvarandre. Og det må eg være ærleg om: Eg er sterkt ueinig med dei partia som flytter 25 000 millionar kroner i året frå fellesskapet til skattekutt. Og mykje av det til folk som har rikeleg på kontoen frå før av. For dette gir økonomiske konsekvensar for skular, helsetilbod og eldreomsorg. På dei områda som er viktigast i liva våre.
- Les også meiningsinnlegget om juridisk kjønn: Etter mitt syn er legen og ein eventuell sexpartnar dei einaste som burde vite kva for tiss ein har
Gjennom jobben min i LO fekk eg nyleg møte ein lærling i eldreomsorga. Ho var stolt av yrket sitt. Utfordringa var at avdelinga berre nesten var godt nok bemanna. Meir hastverk og mindre tid. I nokre tilfelle hadde ho til og med måtte skrøne om kva klokkeslett dei eldre måtte legge seg for å rekke rundt på heile runda. Det gjorde noko med meistringsfølelsen. Vi har all grunn til å vere stolte av våre tilsette i omsorgsarbeidet, men dei fortener alle at vi stiller opp med nok ressursar slik at dei kan gjere jobben sin.
Vi har mange vegval som blir viktige for den neste generasjonen med smårollingar som snart skal reise på sin første skuledag. Vi må løyse klimakrisa på ein måte som gjer at alle får ein sjanse til å vere med. Vi må skape nye arbeidsplassar. Og ikkje minst: Vi må bruke meir ressursar på det som er det viktigaste i liva våre. På skule, helse og eldreomsorg.
Det trur eg at vi skal klare. Eg føler det er grunn til å vere optimistisk. For om det var ein ting som eg verkeleg har fått oppleve, så er det at fellesskapet vårt står sterkt.
Har du også noko hjarta? Politisk, personleg, underhaldande eller anna?
Send det til oss: tips(a)framtida.no.
- Les om korleis arbeidskvardagen er for Ragnhild (24) som er sjukepleiar: – Sjølv om ein til tider føler ein står og stanger hovudet i veggen, trur eg at eg har den mest meiningsfulle jobben
