– Etter mitt syn er legen og ein eventuell sexpartnar dei einaste som burde vite kva for tiss ein har. Ein treng ikkje eit pass til å fortelja dei det, skriv Erik Justus Grünert, nestleiar i Bergen Unge Venstre.
Erik Justus Grünert, nestleiar i Bergen Unge Venstre
Erik Justus Grünert, nestleiar i Bergen Unge Venstre

I dagens Noreg har vi kome langt med likestillinga. Diverre stemmer dette berre når vi måler mellom mann og kvinne, men befolkinga vår har meir å by på enn det.

Då burde også passet tilpassast etter det.

Majoriteten av befolkinga identifiserer seg med eitt av dagens juridiske kjønn, og tenker ikkje noko meir over det, men samfunnet må også ha auge for dei som høyrer til resten av kjønnsmangfaldet.

Det fortener dei.

Skal staten Noreg anarkjenne sosialt kjønn?

Nokre har motstridande kroppsdelar ved fødsel. Kanskje tenker du at dette er ei forsvinnande liten del av befolkinga, men den kan vere så høg som 1,7% på verdsbasis ifølgje FN.

Dei fleste av desse vert operert til eit av dei tradisjonelle kjønna, då dei er nærare det eine kjønnet enn det andre.

Men debatten handlar i ikkje eigentleg om kva type tiss ein har. Den handlar om i kor stor grad staten Noreg skal anarkjenne sosialt kjønn.

Etter mitt syn er legen og ein eventuell sexpartnar dei einaste som burde vite kva for tiss ein har. Ein treng ein ikkje eit pass til å fortelja dei det.

– Kor digg er det å skulle bli anarkjent som «anna»?

Passet burde heller reflektere det sosiale kjønnet til folk. Lista over kjønn som burde vere tilgjengeleg som val i passet, er som følgjer: hokjønn, hankjønn, interkjønn, transkjønn, kjønnsflytarar, kjønnsavisarar, evnukkjønn og dei som ikkje ynskjer å oppgje noko. Om ein først skal inkludere alle, så må ein gjere det skikkeleg.

Kor digg er det å skulle bli anarkjent som «anna», når ein ikkje er noko anna? Når ein til dømes er trans?

Slutt på systematisk diskriminering frå staten

Det finst menneske og politiske parti som meiner at å avgrensa kjønnsomgrepa til mann og kvinne er «grunnleggende for familie og samfunn».

Det er sjølvsagt at det går an å ha familie og delta i eit velfungerande samfunn, sjølv om ein ikkje identifiserer seg som mann eller kvinne.

Eg veit ikkje kva stein dei har levd under eller om dei berre har lyst å gjenta undertrykkinga av homofile på ei ny gruppe. Dei om det.

No, i det nye politiske landskapet vi ser etter FRP sinn regjeringsexit, augnar eg eit høve til å endeleg få fleirtal på Stortinget for fleire kjønn i passet. Til å få slutt på det ein kan omtala som systematisk diskriminering frå staten si side.

Har du noko på hjarte?
Send oss gjerne innlegg på: tips(a)framtida.no.

Oppdatert: måndag 10. februar 2020 13.38

Kommentarar

ANNONSE