«At det finst mogelegheiter for alle i Nord-Noreg er sprøyt»

Tonje Nilsen, leiar i Troms og Finnmark Unge Høgre
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Politikarane i Nord-Noreg har svikta oss ungdom. Det vert for dumt å klø seg i hovudet i 2020, medan ein lurer på kvifor ungdom ikkje vert buande i landsdelen.

Då eg var lita fekk eg beskjed om at dei store mogelegheitene fanst utanfor Nord-Noreg. Tydelegvis har fleire unge fått same råd som meg. Ifølgje NRK ønskjer kvar tredje ungdom i Nord-Noreg seg vekk frå landsdelen. Det er synd, men lite overraskande lesing.

Fødselstala i Finnmark er halverte sidan 1995. Samstundes er det populært bruke pensjonisttida i nord. Det er vi unge som jobbar, skapar verdiar, føder barn og skattar til fellesskapet. Nord-Noreg vert tømt for ungdommar og vert til eit alderdomsparadis. Snart er det ingen igjen til å drive landsdelen vidare. Det vert feil å fordele skuld, men ansvaret ligg hjå politikarane.

Landets sterkaste ungdomsgenerasjon

Fylkesrådsleiar Bjørn Inge Mo (Ap) seier det ikkje er mangel på mogelegheiter i nord. Vidaregåande skule i Nord-Noreg leverer dei dårlegaste resultata i landet. Elevane på yrkesfag står i lang kø for å få lærlingplass. Mange unge står utanfor arbeidslivet, og dei færraste av oss får spennande jobbmogelegheiter utan å flytte sørover. Samstundes er vi den generasjonen med dei største forventningane for framtida. At det finst mogelegheiter for alle i Nord-Noreg er sprøyt.

At det finst mogelegheiter for alle i Nord-Noreg er sprøyt

Mo seier at ungdom må sjå behovet for oss i nord. Det trur eg ikkje på. Vi unge les også VG. Vi er klare over at vi er den gruppa landsdelen vår treng mest. Vi skal ta vare på dei eldre, løyse klimakrisa, skape arbeidsplassar og verdiar. Då held ikkje pompøse og flotte ord frå politikarane – vi treng handling. I nord er vi ikkje mange, men vi er sterke. Politikarane i nord har landets sterkaste ungdomsgenerasjon å handtere. Det er ikkje politikarane klare for.

Potensialet er stort, men unytta

For å behalde unge i landsdelen treng utdanningstilbodet eit løft. Vi treng meir elevtilpassa opplæring gitt av betre lærarar. Elevane må bestemme over eiga utdanning, og ikkje politikarane som trur dei veit betre. Skulebygg må verte rusta opp, skulane må tilby fleire valfag og pensum må verte meir relevant for utdanninga til elevane. Lista er lang, og politikarane på fylkestinget og i kommunane har ein lang veg å gå.

Politikarane i nord har landets sterkaste ungdomsgenerasjon å handtere

Unge i Nord-Noreg treng jobbar å gå til. Mange i min generasjon nøyer seg ikkje med kva som helst. Vi treng spennande jobbar, i spennande næringar, i eit spennande arbeidsmiljø. Med den lange kysten og dei djupe fjordane er potensialet stort, men unytta. Politikarar må skape grunnar for at bedriftene skal etablere seg i Nord-Noreg, og torer å seie ja når mogelegheiter byr seg. Nord-Noreg treng at unge med kompetanse vil jobbe her, men då må politikarar sørgje for at vi har jobbar å gå til.

I oppveksten fekk eg råd om å leite etter mogelegheiter utanfor Nord-Noreg. Håpet er at politikarane tek seg sjølve i nakken og sørgjer for at vi kjem tilbake. At unge flytter vekk er synd, men langt frå overraskande. Vi må snu på flisa i Nord-Noreg. Vi kan ikkje vere ein landsdel der ingen skulle tru at nokon kunne bu.

 

Har du også noko hjarta? Politisk, personleg, underhaldande eller anna?
Send til oss: tips(a)framtida.no.

Trass i at han ikkje ser på seg som politisk engasjert og har halde seg unna demonstrasjonane, meiner skataren Lucas Nervis (29) at Cataolia bør bli einige med Spania om å lausriva seg. Foto: Emilie Hansen