SAIH er uroa for åtak på kjønnsstudiar: – Det bør uroa alle

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er ekstremt farleg for unge menneske å ikkje ha tilgang til informasjon om seksuell helse og seksualitet, å ikkje læra om samtykke og, i mangel av eit betre ord, sunne verdiar, rundt seksualitet og seksuelle rettar.

Haley McEwen meiner det ein lærer i seksualundervisninga potensielt kan vera livreddande.

Ho er forfattar av rapporten Un/knowing and un/doing sexuality and gender diversity: The Global anti-gender movement against SOGIE rights and academic freedom.

– Dei jobbar for uthuling av SOGIE-rettar

Grunnen til at forskaren nøler litt før ho tek i bruk ordet verdiar, er nok at ordet ofte vert brukt av dei som vert skildra som «anti-kjønnsrørsla».

– Dei gjer opprør mot det dei kallar kjønn, kjønnsideologi, kjønnsisme og det er difor me kollektivt kallar dei det. Dei jobbar for uthuling av SOGIE-rettar. Legitimiteten til kjønns- og seksualitetsmangfald er noko dei freistar å gå til åtak på, spesielt rettane til transkjønna personar, forklarar McEwen.

Ho fortel også at rørsla ikkje rett ut kallar seg for «anti-homo».

– I staden framstiller dei seg med positive termer: dei «forsvarar tradisjonelle verdiar», dei «freistar å beskytta barn», dei er «pro-familie» og «beskyttar familieverdiar».

SOGIE-rettar står for Sexual Orientation and Gender Identity Expression, som òg kan kallast LHBT+.

– Det er det skumlaste i verda for desse folka

Rapporten er publisert av SAIH (Studentene og akademikernes Internasjonale hjelpefond).

Sjølv om rapporten har sett på korleis seksualundervisning og LHBT+rettar er under press i Ungarn, Polen, Brasil og Sør-Afrika, er hovudfokuset åtaket på den akademiske fridomen.

– Anti-kjønnsrørsla går til åtak på kjønnsstudiar fordi dei seier det er kjønnsforskarar som no har skapt «kjønnsforvirring», som dei kallar det, seier McEwen, som sjølv held til i Sør-Afrika.

Ved sida av ho sit SAIH-leiar Sunniva Folgen Høiskar, og nikkar bifallande.

Ho meiner seksualundervisning er eit døme på korleis kjønnsstudium har bidrege til kunnskap, som igjen har endra pensum på skulane.

– Når me baserer pensum på forsking vert me eit betre samfunn, men dette skremmer dei som er motstandarar av alle desse rettane. Når det kjem inn i pensum vert det den nye «status quo» og det er det skumlaste i verda for desse folka: at homofili vert normalt, seier Høiskar.

– Ikkje ei retning me har råd til

I 2018 fjerna Ungarns statsminister Viktor Orbán akkrediteringa (ei kvalitetsstempling frå det offentlege) til kjønnstudium i heimlandet, noko som gjorde at masterstudiet ved to institusjonar vart lagt ned.

Høiskar meiner det er eit klårt brot på akademisk fridom når ein freistar å diskreditere og fjerna eit fagfelt, og reagerer på at ein vil hindra forsking og tilgjengeleg kunnskap, framfor å kjempa mot noko politisk.

–  Det er noko som uroar oss – og det bør uroa alle.

Ho peikar på at det no gjeld kjønnsstudium, men at ein allereie ser tendensane til det same når det kjem til klimastudium i USA.

– Ideen om at du berre kan stengja eit forskingsfelt fordi det ikkje jobbar for dine politiske mål, det er ikkje ei retning me har råd til å ta. God politikk bør byggjast på forsking, understrekar ho.

Afrika tilbake

Haley McEwen forklarar at rørsla ofte byggjer på konservative religiøse verdiar, men at ein nokon stader freistar å fjerna seg frå dette.

I fleire afrikanske land har ein den siste tida sett innstramingar i anti-homolover og kristne verdiar vert gjerne nytta som eit argument. I tillegg vert LHBT+rettar og seksualundervisning av somme sett på som ei form for nykolonialisering frå Vesten.

I takt med ei stadig meir inkluderande seksualundervisning har det vakse fram sterke motrøyster, som den amerikanske organisasjonen Family Watch sin Stop CSE (Comprehensive Sexuality Education).

Organisasjonen er amerikansk, men har òg engasjert seg i kampen mot seksualundervisning i Sør-Afrika, som er eitt av landa som er med i rapporten.

Seksualundervisning som verkty

McEwen meiner at organisasjonane, som ofte gjev seg ut for å verna om barn, faktisk frårøvar dei ein viktig rett til informasjon.

– Seksualundervisning kan utstyre unge menneske til å navigere verda, spesielt i samanhengar der du har mykje kjønnsbasert vald, seksuelt overførbare sjukdommar som HIV og aids.

Les også: Russiske Julija (26) risikerer seks års fengsel for teikningane sine

Den russiske læraren og kunstnaren Julija Tsvetkova (26) har mista jobben og risikerer fengsel og bøter som følgje av sine illustrasjonar og engasjement knytt til kroppspositivisme, kvinnefrigjering og LHBT-rettar. Foto: Amnesty International