Transkvinner har no fått ein eigen parole i kvinnetoget i Trondheim. – Vi finst og fortener respekt, skriv Johanna Breivang, nestleiar i Trondheim Raud Ungdom.
Johanna Breivang
Johanna Breivang

Endeleg har transkvinner fått ein eigen parole i kvinnetoget i Trondheim: «Transkvinner er kvinner! 8. mars for alle!».

Dette sender eit positivt signal til LHBT-miljøet i Trondheim: Vi finst og fortener respekt.

Eg tenker det er på tide å fokusere på det positive. Det er fint at vi får vise oss fram. Vi må få ta opp litt plass og bli inkluderte. Eg synest at det er viktig no å seia at det er bra at vi er inkludert, og at vi må no bruke dette til å feire det å vera transkjønna. Vi må ha rom til at folk får vera seg sjølv, og føle seg trygge i kvinnerørsla.

Kva er transinklusivitet? Transinklusivitet er når ein organisasjon eller eit miljø passar på at transpersonar føler seg trygge og blir møtte med respekt. Det er ofte ikkje sjølvsagt at transfolk føler seg trygge. Ignoranse og fordommar er dessverre ein alt for vanleg realitet for mange. Transinklusivitet er ei positiv innstilling og eit motsvar til akkurat det.

Grip sjansen til å vise støtte! Her kan vi alle saman vise støtte til transfolk. Det er viktig å vise at vi er eit raust og opent samfunn, og står opp for kvarandre. Eg foreslår at du viser støtte særleg til dei rundt deg. Ta opp kamp i kommentarfelta, rett på folk når dei seier noko ignorant, sårande eller feil privat, eller vis at du er der for transfolk. For mange transfolk, er den største utfordringa at ein ikkje møter respekt i kvardagen.

Korfor er dette viktig? Lesbiske, homofile, bifile og transpersonar m.m., er sårbare grupper, som møter mange utfordringar. Transkvinner er særleg utsette for hets og diskriminering, både på gata og på nett. Derfor er det viktig å sende klare signal om at vi må inkludere og respektere transkvinner. Det å ha ein parole for transkvinner, som bevisst seier at 8. mars er for alle, viser au at vi skal ha rom for andre grupper enn folk som er «A4».

Ei moglegheit til å ta opp temaet. Det finst mykje negativt om transfolk, både i media og på nettet. Då tenker eg at dette er moglegheita til å seia noko imot dette. Kom med fakta og utfordre feilinformasjon, både om transfolk og skeive elles. Her har vi rom til å seia mykje bra, både på plakatar, i kamprop og i media. Ting som dette opnar døra for at vi kan prate meir opent.

Eg har lenge sakna ein skeiv parole i 8. mars-toget, og det gjer meg kjempeglad å endeleg få gå under ein offisiell parole, der eg kan vise støtte til syskena og vennane mine. Vi må stå opp, for å vise at vi er her, og at vi ikkje skjemmest over kven vi er. Her må ein veive transflagget stolt.

Har du også noko på hjarta? Send inn til tips(a)framtida.no!

LES OGSÅ

ANNONSE