Trondheim kommune fjernar dame- og herreskilt på toaletta

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I staden blir det sett inn kjønnsnøytrale skilt. Saka vart vedtatt i bystyret torsdag kveld, skriv Adresseavisen.

– Med dette vedtaket går Trondheim kommune føre med eit godt døme, seier MDG-politikar Stine Børø Szell, som fremja saka i bystyret.

Szell understrekar at ho ikkje meiner at alle toalett skal vere kjønnsnøytrale, men at til dømes tranpersonar skal ha eit nøytralt alternativ dei kan velje.

– Dette er ikkje ei tullesak. For somme kan dette rett og slett handle om at dei ikkje får gått på toalettet når dei er på offentlege stader, seier Szell.

Ho viser til at det i dag er menneske som får kommentarar eller blikk viss dei bruker eit toalett med kvinne- eller mannssymbol som ikkje passar det kjønnsuttrykket dei har.

– For nokon er dette eit stort stressmoment. Alle skal kunne kjenne seg komfortable med toalettbesøk, seier ho.