Russiske Julija (26) risikerer seks års fengsel for teikningane sine

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.02.2020 10:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I november 2019 vart Julija Tsvetkova arrestert i heimen sin i Komsomolsk-on-Amur, heilt aust i Russland.

Bakgrunnen for arrestasjonen og den påfølgjande husarresten skal ha vore at den unge læraren og kunstnaren dreiv gruppa The Vagina Monologues, på det sosiale mediumet VK, som er Russlands svar på Facebook.

Skjermdump: VK

«Kvinner er ikkje dokker»

Gjennom mellom anna denne gruppa og kunstprosjektet «Kvinner er ikkje dokker» freistar ho å skapa forståing for kvinnekroppen.

Tsvetkova nyttar også sosiale medium til å fremma skeive sine rettar.

I 2013 vedtok Russland ei såkalla anti-homo-propaganda-lov, som forbyr positiv omtale av homofili overfor mindreårige. I desember vart Tsvetkova funne skuldig i å bryta denne lova på grunn av to VK-grupper ho administrerte, trass i at begge hadde 18 års aldersgrense, slik lova krev.

Etterforskast for LHBT-teikning

No er ho under etterforsking på nytt, etter at ho har teikna ein familie med to mødrer og ein med to fedrar i VK-gruppa ЦВЕТ, som betyr farge:

Denne illustrasjonen får russiske myndigheiter til å reagere. No risikerer kunstnaren inntil seks års fengsel. Illustrasjon: Julija Tsvetkova

Ho risikerer seks års fengsel og ei bot for å «spreie pornografi» og bidra til å «forureina sinna til barn», melder Amnesty International Norge.

Dei har starta ei underskriftskampanje for å stansa etterforskinga og droppa alle skuldingar mot aktivisten.

– Me ser på Julija som ein samvitsfange. Det einaste ho har gjort er å bruka ytringsfridommen sin, seier Nina Langslet, kampanjeleiar i Amnesty International Norge.

Ho forklarar at situasjonen er svært vanskeleg for LHBT-aktivistar i Russland, som risikerer både å bli offentleg uthengde og staffeforfølgde.

Offentleg uthengt av anti-homo-aktivist

Tsvetkova kom først i politiet sitt søkelys i mars då ho vart offentleg uthengt av ein russisk anti-homo-aktivist som går inn for å identifisere lærarar som vert tekne for å vere lesbiske, homofile eller transpersonar.

Etter å ha blitt oppsøkt av politiet delte Julija Tsvetkova eit innlegg på sin VK-vegg med bileta som vart anklaga for å vere pornografiske:

På VK forklarar Julija Tsvetkova sitt kroppspositivistiske prosjekt, som fekk ho politimeldt. Illustrasjon: Julija Tsvetkova

På bileta har Tsvetkova skrive:

«Levande kvinner har hår på kroppen, og det er normalt»

«Levande kvinner har mensen, og det er normalt.»

«Levande kvinner har feitt, og det er normalt.»

«Levande kvinner får rynker og grått hår, og det er normalt.»

«Levande kvinner har ikkje perfekt hud, og det er normalt.»

«Levande kvinner har musklar, og det er normalt.»

#kroppspositivismeIKKJEekstremisme

I VK-meldinga skriv Tsvetkova:

– Eg trudde ikkje det var mogeleg å finne noko ulovleg i dette – men det viser seg at dersom ein verkeleg vil, så kan ein.

Tsvetkova føreslår også å lansere emneknaggen #kroppspositivismeIKKJEekstremisme, for dersom ein vert straffeforfølgt for bilete av levande kvinner, så kan ein ikkje vere tause.

Politiet ransaka både heimen og arbeidet hennar, der dei beslagla undervisningsmateriell. Skuldingane har ført til at ho måtte slutta i lærarjobben sin.

Langslet viser til at Russland er eit farleg land å vere opposisjonspolitikar, LHBT-aktivist eller menneskerettsaktivist. Dei som hevar stemma risikerer både å bli offentleg uthengde, arresterte eller i verste fall drepne.

– Grunnleggjande menneskerettar

I det siste har det vorte meir fokus på kvinners rettar i Russland, etter at fleire har protestert på at vald i heimen ikkje er ulovleg.

I fjor spreidde ein kampanje mot partnervald seg på sosiale medium, der russiske kvinner delte bilete av seg sjølv med blåmerker og sår, samt emneknaggen #янехотелаумирать skriven på kroppen. Det tyder «eg vil ikkje døy» og kunne til dømes sjå slik ut:

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av Александра Митрошина (@alexandramitroshina)

I lys av dette og LHBT-stoda i landet meiner Langslet det er viktig at Tsvetkova held fram med arbeidet sitt.

– Kvinners rettar og skeiv kjærleik er grunnleggjande menneskerettar, som den russiske befolkninga har godt av å vete om, avsluttar ho.

Les også: Youtubar Arman Surizehi: – Porno er noko nesten alle ser på

Arman Surizehi (med mikrofonen) og influensar Hanne Kro Sørborg snakkar med folk på gata om skilnaden på porno og sex. Foto: Sex og politikk