– Noreg, krev Amazonas-vern!

Knut Isdal Lindstrøm (18), medlem Natur og Ungdom
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Avskoginga og brannane i Amazonas er ei global krise. Førre fredag vart det offentleggjort at Noreg har inngått ein frihandelsavtale saman med det søramerikanske handelsforbundet Mercosur. Same kveld sa fleire EU-land at dei er villige til å stemme imot frihandelsavtalen mellom EU og Mercosur, dersom ikkje Brasil gjer meir for å bevare regnskogen. Det er ikkje Noreg villig til å gjere.

Det er ei kritisk tid for verdas største regnskog. Regnskogane er dei mest artsrike økosystema på landjorda, og Amazonas aleine kan innehalde så mykje som ein tredjedel av verdas kjente plante-, dyre-, og insektartar (Regnskogfondet).

Regnskogen er også viktig for jordas globale klima, då den bind store mengder karbondioksid. Drivhuseffekten vil dermed auke når regnskogen blir brent eller hogd ned. Ekspertane åtvarar no mot at regnskogen i Amazonas held på å nærme seg «vippepunktet», altså at nedbrytinga av regnskogen vil fortsette av seg sjølv, uavhengig av kva vi menneska gjer. No hastar det med å stanse avskoginga!

Regnskogen i Amazonas held på å nærme seg «vippepunktet»

Noreg må bruke sterkare verkemiddel for å hindre meir skog i å bli øydelagd. EU undersøkjer no moglegheitene for å innføre importforbod mot brasiliansk biff. Frankrike og Irland har varsla at dei vil stemme imot EU sin frihandelsavtale med Mercosur, dersom ikkje Brasil gjer meir for å bevare regnskogen. Å bruke sanksjonar for å presse Brasil til å stanse øydeleggingane av Amazonas, er eit effektivt verkemiddel. «Vi har tidlegare sett at Brasil betrar sin miljøpolitikk når de presses i handelsavtaler», seier Øyvind Eggen, generalsekretær i Regnskogfondet (Kalajdzic, 2019). Noreg må slutte seg til dei landa som legg press på Brasil!

Eventuelle krav som Norge stiller til Brasil no, kan få konsekvensar for liknande forhandlingar i framtida. For eksempel skal Mercosur framover forhandle med USA, Canada, Sør-Korea og Singapore. EFTA skal også forhandle med andre regnskogsland (Harstad, 2019). Framtidige forhandlingar kan hente inspirasjon frå tidlegare avtaler. Det er derfor viktig at avtaleteksten mellom EFTA og Mercosur inneheld krav om vern, då dette kan fungere som ei retningslinje for framtidige forhandlingar.

Noreg må slutte seg til dei landa som legg press på Brasil!

I tillegg til politisk press, må vi som forbrukarar vere med på å dempe etterspurnaden etter mat som bidrar til avskoging. Soya frå Brasil blir brukt i mykje dyrefor, blant anna til norske svin, kylling, kyr, og laks (Regnskogfondet, 2019). Som forbrukarar må vi slutte å ete kjøt som bidrar til at verdifull regnskog blir omgjort til landbruksareal. Vi må bruke forbrukarmakta.

Vi må gjere alt vi kan for å stanse raseringa av regnskogen i Brasil. Vi som forbrukarar må handle og vise ansvar. I tillegg må Noreg nekte å forplikte seg til handelsavtalen, innan Brasil lover redusert avskoging. Noreg må vere med og kreve Amazonas-vern!

 

Kjelder: