Hannah Lunden (19) tapte BPA-søksmålet mot staten: – Brutalt

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Hannah Lunden (19) gjekk i februar til sak mot staten ved Helse- og omsorgsdepartementet for å få prøvd Fylkesmannen sine vurderingar av kommunane sitt helsetilbod.

19-åringen som sit i rullestol har kjempa for å få fleire timar med brukarstyrt assistanse sidan 2015. Legane har anbefalt at ho skal ha BPA 24 timar i døgnet, men av kommunen fekk ho 15 timar, og heimesjukepleie på natta.

– Det følest urettferdig at eg må velge om eg skal gå på do på natta eller leva på dagen. I russetida fekk eg vore med på halvparten, medan venene mine kunne delta på alt. Slik burde det ikkje vera, sa ho til Handikapnytt før saka skulle opp i retten.

I dag vart det altså kjend at ho og familien tapte saka.

Det er Handikapnytt som melder dette.

– Brutalt

I ein video lagt ut på Facebook av Uloba, landets største og eldste BPA-aktør, fortel ho og far hennar om dommen.

– Me har fått beskjed om at dommen går i vår disfavør. Den er brutal og vond å kjenne på, seier Harald Lunden.

Slepp betala omkostningar

Harald Lunden meiner dommen viser korleis BPA ikkje fungerer som likestillingsverktøy.

– Det gir ein rett til å overleva, men ikkje til å leva. Ein må sjukeleggjerast for å få tildeldt BPA, og ein får ikkje BPA til den fridomen det er tenkt å skulle vera.

Familien klagar ikkje på BPA-tilbodet, men på mangelen på tilbodet heile døgnet.

Heimesjukepleie-hjelp på natta betyr at det kjem ulike folk på gitte tidspunkt i løpet av natta for å hjelpa. Lunden og familien opplever at det gir altfor lite fridom, og har takka nei til dette for heller å få hjelp av vener og familie.

Som ein liten siger, slapp Hannah Lunden å betale saksomkonstningane til staten.

– Det tek me med oss med glede. Samstundes er dette ein kamp me ikkje kunne la vere å ta. Livet er for kostbart til det.

Underskriftskampanje og støtte

Saka har vekt stor merksemd, og Lunden har fått mykje støtte. 14. februar var det demonstrasjonar over heile landet til støtte for 19-åringen. I Oslo overrekte dei 10.600 underskrifter til helse- og omsorgsminister Bent Høie (H), med ynskje om betre BPA-tilbod for å sikra fridom og likestilling for alle.

I oppropet til underskriftskampanjen skriv intitiativtakar Celina Hagen mellom anna:

«Hannahs historie er ikke unik. Hver eneste dag stenges funksjonshemmede ute fra samfunnet. Hver eneste dag må funksjonshemmede i mangel på BPA legge seg klokken 21:00. Hver eneste dag må funksjonshemmede velge mellom dusj og fritidsaktiviteter.»

Høie sa seg einig i at tilbodet er for dårleg i dag, og avslørte at regjeringa jobbar med eit nytt lovverk for BPA-ordninga.

Ida Hauge Dignes, sentralstyremedlem i Norges Handikapforbunds Ungdom, skriv at funksjonshemma blir diskriminert i Noreg i dag. Foto: Privat