Handlingsplan for funksjonshemma får kritikk: – Tomprat

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kultur- og likestillingsminister Trine Skei Grande (V) la tysdag fram handlingsplanen, som har fått tittelen «Et samfunn for alle».

Planen inneheld 85 tiltak fordelte på kategoriar som utdanning, arbeidsliv og kompetanseheving. Åtte departement har bidratt i arbeidet.

– Regjeringas visjon er eit samfunn der alle menneske deltar og blir gitt moglegheit til å bidra, heiter det. Det blir understreka at personar med funksjonsnedsetjing skal sjåast på som likestilte borgarar med fullverdig sett med rettar og pliktar, ikkje passive omsorgsmottakarar eller pasientar.

Skuffa organisasjonar

Men organisasjonane som tar vare på interessene til funksjonshemma, er lite imponerte.

– Regjeringas handlingsplan stadfestar i dag at det er langt frå ord til handling, skriv Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon, Samarbeidsforumet av organisasjonane til funksjonshemma og Unge funksjonshemma i ei felles fråsegn.

Ved første augekast ser planen omfattande ut, men ved nærare ettersyn er tiltaka i stor grad opplisting av allereie igangsette tiltak eller tiltak som ikkje spesifikt er retta mot funksjonshemma, meiner organisasjonane.

Berre eitt nytt tiltak

Organisasjonane hevdar det berre kan finnast éi ny satsing: 7 millionar kroner som vart sette av i statsbudsjettet for 2020 for å auke kunnskapen om likestilling og menneskerettar for funksjonshemma i kommunane.

– Og så er regjeringa sjølvsagt opptatt av å finne ut kor mange av oss som er sysselsette ved å utvikle ein indikator om sysselsetjing på kommunenivå. Men vi ser ikkje teikn til å setje krav om å faktisk tilsetje funksjonshemma i dei same kommunane, heiter det i fråsegna.

Handlingsplanen, som gjeld for perioden 2020 til 2025, er dynamisk, påpeikar Kultur- og likestillingsdepartementet. Det betyr at nye tiltak vil bli inkludert i perioden.

Les også: Antidiskrimineringslova slår fast rettane til universal utforming og fridom frå diskriminering. Likevel må rullestolbrukarar smøre seg med tolmod, og «berre vente litt,» som Anna-Maja Helgesdotter Andersen skriv i dette diktet.

– Tomprat

Opposisjonen på Stortinget meiner òg at handlingsplanen har store manglar.

– Regjeringas handlingsplan er eit digert mageplask. Utan tidsfristar og pengar er planen ein ordflaum av tomprat og oppramsing med 85 punkt som ikkje oppfyller menneskerettane til menneske med funksjonsnedsetjingar, seier SVs Karin Andersen.

Vil ha garanti

Arbeidarpartiet etterlyser òg tidsfristar og meir konkrete tiltak. Lise Christoffersen (Ap) i Stortingets arbeids- og sosialkomité, etterlyser særleg steg for å nå universell utforming i skulebygg – både grunnskule og vidaregåande.

Ein garanti som arbeidssøkar kan ha med allereie i jobbsøkarprosessen om at det følgjer med middel for tilrettelegging på arbeidsplassen, trekker ho fram som eit anna døme.

– Handlingsplanen er god nok på problemskildring, men har ingen forslag til forpliktande løysing, seier ho.

– Funksjonshemma er i dag ei av dei mest diskriminerte gruppene, seier Tamarin Varner, som er ny leiar i Noregs Handikapforbunds Ungdom (NHFU). Foto: Privat