Leiar i Unge funksjonshemmede reagerer på at Mari måtte sitje åleine: – Ein funksjonsfrisk hadde ikkje godteke det

Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 10.11.2020 11:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Mykje har blitt betre i Noreg dei siste tiåra når det kjem til universell utforming og muligheitane folk med funksjonsnedsetting har til å kunne delta på kulturarrangement.

Men enno har me ein veg å gå. Rullestolbrukar Mari Hansen fortel i eit lesarinnlegg om fleire konsertopplevingar der ho har kome med mannen eller venene, og endt opp åleine.

Hennar opplevingar har vore på Bergen live, som har ei rekke ulike konsertarenaar.

– Me gjer så godt me kan

Frank Nes, dagleg leiar i Bergen live. Foto: Bergen live

Frank Nes er dagleg leiar i Bergen Live, og fortel at han ikkje kjenner til den konkrete saka.

– Generelt har me eit område som er dedikert til rullestolbrukarar og andre med rørsleutfordringar. På Verftet er det eit avgrensa antal til dette, seier han.

Han seier også at rammene for konsertar kan forandrast undervegs i planlegginga, noko som også kan gå utover rampestorleik og anna.

– Er det mange rullestolbrukarar, er det gjerne ikkje plass til å stå der med fleire enn ein venn eller kjærast, eller at dei må stå i umiddelbar nærleik. Me har berre ein viss plass til rådighet.

Han seier også at dei ikkje veit kor mange rullestolbrukarar som kjem på kvar konsert.

– Det er ikkje så enkelt å gjere alle til lags. Me gjer det me kan innanfor dei rammene me har.

Han seier at dei sjeldan får tilbakemeldingar på denne problemstillinga, men at folk pleier å forstå når dei gjer dei merksame på avgrensingane dei har.

– Me gjer så godt me kan. 

– Ikkje alle tilfelle der barn bør vera på konsert

I innlegget skriv Hansen også at ho kvir seg for å gå på konsert med dottera på 10 år, i frykt for at dei ikkje kjem til å få stå saman.

–  Eg kjenner ikkje tilfellet, men det er ikkje alle tilfelle der barn bør vera på konsert. Det kan virka skremmande med ei stor folkemengd, der det er mørkt og mykje lyd. Med respekt å melde, så bør ein kanskje ta kontakt på førehand då. Det meiner eg vil vera ein naturleg måte å gå fram. Me gjer det me kan for å hjelpe våre kundar for at dei skal få det så tilrettelagt som mogleg, men det er diverre ikkje alle tilfelle det går. 

I innlegget etterlyser også Hansen retningslinjer til konsertarrangørar frå fylke og kommunar.

– Me forheld oss til dei retningslinjene som til ei kvar tid er, og har hatt ein god dialog med Handikapforbundet. Dei er nøgd med måten me løyser det på, men av og til greier ein ikkje å hjelpe dei ein gjerne skulle på grunn av plasshensyn eller anna. Me gjer det me maktar. for å tilrettelegge så godt det let seg gjere.  

Tilgjengelighetsmerket

Videoen under er laga i samarbeide med Norske konsertarrangører, og løftar nokon av problemstillingane funksjonshemma kan ha i møte med konsert- og kulturtilbod.

– Viss eg er på konsert er eg ofte med venene mine som er funksjonsfriske, men dei får ikkje bli med på rampen. Eg tenker det burde vera meir valfritt kor ein kan stå, og at ein har moglegheit til å vera saman med dei ein drar med, sjølv om ein treng tilrettelegging, seier Marianne Knudsen i filmen.

I Norske konsertarrangører fortel kommunikasjonsrådgivar Andreas Feen Sørensen at det er ei problemstilling dei ofte høyrer om. Både frå arrangørar og publikum.

Andreas Feen Sørensen, kommunikasjonsansvarlig i Norske konsertarrangører.

I 2016 starta dei opp eit prosjekt kalla Tilgjengelighet Kultur–Norge saman med Norske fesitvaler.

Med inspirasjon frå den engelske organisasjonen Attitude is Everything, var målet å rettleia og inspirera kulturarrangørar til å betre opplevinga for menneske med funksjonsnedsetting på kulturarrangement.

No har dei reist rundt i store delar av Noreg for å driva opplysingarbeid og halda kurs for arrangørar. I prosessen har dei også utforma Tilgjengelighetsmerket i samarbeid med Unge funksjonshemmede, SAFO, Funksjonshemmedes fellesorganisasjon og Attitude is everything.

Tilgjengelighetsmerket er ei sertifisering for kulturarrangørar som har god tilgjenge for menneske med nedsett funksjonsevne, på sine arrangement.

– Til no har me sertifisert om lag 25 arrangørar, og me har omlag 60 arrangørar som er i prosess og vil motta merket snart, fortel Sørensen.

Skal du arrangera noko? Bruk sjekklista til Norske konsertarrangører her.

– Ganske diskriminerande

Line Skåtøy, styreleiar i Unge funksjonshemmede. Foto: Unge funksjonshemmede

I Unge funksjonshemmede er problemstillinga noko dei høyrer om ganske ofte.

– Eg skjønar at det er plasshensyn å ta, men det er ikkje noko kjekt å dra på konsert å bli ståande ålene. Det er eigentleg ganske diskriminerande, seier Line Skåtøy, styreleiar i organisasjonen.

Ho fortel at det er opp til arrangørane korleis dei legg det opp for tilgjenge, noko som gjer det ganske avhengig av kven arrangørane er og kor det er kor godt det er lagt opp. Ho merkar likevel at det har blitt betre.

– Det er ofte betre tilgjenge på større konsertar og festivalar, og mange har lyst å læra meir. Problemet går ofte på at dei ikkje har kunnskap om kva som skal til. Det er enno ein lang veg å gå.

Ho meiner at ein funksjonsfrisk ikkje hadde godteke å bli splitta frå venene sine og måtte stå åleine på konsert. 

– Det hadde blitt mykje større protestar. Då hadde ein kanskje heller funne på noko anna. Men det skal jo ikkje vera nødvendig. Det må heller bli tilrettelagt betre, for alle.

Ho fortel at ei løysing er å ha ledsagarbevis som kan sikra deg å i alle fall få med ein ekstra person.

– Men det er ikkje alle arrangørar som driv med dette. Eg veit at mange av våre medlemmar tek ein ringerunde før dei bestemmer seg om det er aktuelt å i det heile gå på den og den konserten, diverre. 

Vil ha krav frå kommune og fylke

Ho meiner at betre tilgjenge gjer det betre for alle: både funksjonsfriske og folk med funksjonsnedsetjing.

– Utan tvil! Ein treng ikkje ha ein funksjonsnedsettjing for at det skal vera ein fordel at det er tilrettelagt. Å gjera det meir tilgjengeleg ville gjort det betre for alle. At det er tilgjengeleg burde vera ei sjølvfølge og må bli ei sjølvfølge.

Ho trur at eit krav frå fylke og kommune hadde vore ein god start.

– Dei hadde nok fått seg ein liten oppvekkar. Mange arrangørar får jo tilskot, så det hadde nok vore eit godt virkemiddel at det må vera tilgjengeleg for å få tilskot. Det er eit tiltak som kan vurderast sterkt.

OBS: Etter at lesarinnlegget til Mari Hansen vart skrive, har ho motteke ei orsaking frå USF Verftet:

«Hei Mari
Takk for tilbakemeldingen din. Beklager litt sent svar til deg, men vi har undersøkt med arrangør og arrangementsvakter om hvordan situasjonen var på konserten. Lørdag var det helt fullt hus og det viste seg å være å mange flere enn forventet som hadde behov for plassen for rullestoler og sitteplasser oppe på galleriet. Når det er slik, er det rutine å prioritere de som trenger å få plass. Det var dumt at dere ikke fikk være ved siden av hverandre, men slik kan det være enkelte ganger. Vi håper at dere ikke har tatt «skrekken» og ønsker dere velkommen igjen til en senere anledning.»