– Vi godtek ikkje diskrimineringa meir

Ida Hauge Dignes
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Teksten var først publisert i Firda.no, og er omsett og gjengeve med velvilje frå forfattaren.

Den brutale sanninga kan ikkje skjulast i fiktive klede, når målet er politisk endring. Viss eg fortel om kor bra det er å bu i Noreg som funksjonshemma, smiler folk. Det veit dei jo. Vi bur jo i trygge velferdsstaten Noreg.

Herregud, så heldige vi er. Bur jo ikkje i Afrika, liksom. Kan ikkje berre alle funksjonshemma snart forstå kor heldige dei er? Slutte å klage? Dei må jo på eit tidspunkt bli fornøgde?

Funksjonshemma vert diskriminerte i Noreg, og året er 2019. Den dag i dag er det altfor mange funksjonshemma med eit assistansebehov som ikkje får nokon timar med brukarstyrt personleg assistanse, sjølv om dette blei ein lovfesta rett i 2015.

I Brennpunkt-dokumentaren «Fallet» får vi vite at sjølv om det er anslagsvis 14.500 menneske med funksjonsnedsetting som treng BPA, er det likevel berre 3500 som får det. Funksjonshemma i Noreg blir velferdsflyktningar.

Det er segregering

Mange funksjonshemma ser seg nøydde til å flykte frå heimkommunen sin for å leve eit meir likestilt liv. Dette er diskriminering. Dette er frårøving av fridomen til folk.

I dag blir funksjonshemma born sende bort frå familien sin til institusjonar, fordi kommunane hevdar at dette er den beste og billigaste måten. Kommunane vel å sende funksjonshemma born på institusjon, framfor å gi borna tilstrekkeleg med assistanse i heimen.

Ordførarar smiler breidt på biletet for lokalavisa, når dei har klart å samle funksjonshemma frå sitt nærmiljø på ein plass. Herregud, så heldige vi er. Ein omsorgsghetto for berre oss funksjonshemma. Endeleg!

I dag blir funksjonshemma born sende i taxi til ein annan skule enn nærskulen sin, fordi nærskulen berre har trappeinngang. Nær 80% av grunnskulane i Noreg er ikkje tilgjengelege. Det er segregering. Barnet mistar kontakten med det lokale nærmiljøet sitt.

Vi treng eit større rettsvern. No.

Kjell Ingolf Ropstad sa under Stortingsmøtet den 26. mars 2019 at det ikkje er nødvendig å inkorporere funksjonshemmakonvensjonen i norsk lov, fordi norske lover ivaretek rettane på ein god måte.

Eg er ueinig. Funksjonshemma treng eit større rettsvern. Vi treng det no.

Det er mange som tenker at funksjonshemma må reparerast for å passe inn i samfunnet. Berre du lærer deg å gå igjen, blir livet liksom komplett.

For å oppnå eit likestilt samfunn må vi anerkjenne at vi er ulike, utan å måtte reparere det. Vi er ulike i kjønn, legning, augefarge og funksjon.

Det er ikkje menneska som skal tilpasse seg samfunnet, men omvendt.

Kvinner skal ikkje måtte bli menn for å utjamne lønnsforskjellar. Homofile skal ikkje måtte bli heterofile for å gifte seg i kyrkja.

Og funksjonshemma skal ikkje måtte bli funksjonsfriske for å gå på sin nærskule, få jobb og betale skatt. Det er ikkje menneska som skal tilpasse seg samfunnet, men omvendt.

Altfor lenge har vi blitt diskriminerte og godteke det. Den tida er over. Når vi bryt ned barrierane, opner vi opp for moglegheitane.

Å gjere funksjonshemmakonvensjonen til norsk lov er ein god stad å begynne.

Har du noko på hjarta?
Del gjerne dine synspunkt og send eit innlegg til tips(a)framtida.no!