Fagopplæringssjefen er provosert på vegner av kvinner i lågtlønsyrke: – Jenter veit ikkje kva dei går glipp av
Fagopplæringssjef i Rogaland fylkeskommune Catrine Utne Pettersen skjønar ikkje alle jentene som vel helse- og oppvekstfag, i staden for elektro- og oljefag og andre yrkesfag som gjev betre betaling.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Søndag 1. mars er siste fristen for å velja vidaregåande utdanning.
Dei siste åra har det vore store forskjellar mellom kva jenter og gutar vel, sjølv om litt fleire gutar vel jentedominerte yrkesfag og litt fleire jenter vel gutedominerte yrkesfag.
– Eg er ganske sikker på at det er mange jenter som ikkje veit kva dei går glipp av, seier fagopplæringssjef i Rogaland fylkeskommune Catrine Utne Pettersen på telefon til Framtida.no.
– Anten får jentene for dårleg info, eller så leitar dei seg ikkje fram til informasjonen dei treng, held ho fram.
Provosert på jenter sine vegner
Utne Pettersen sit i fagleg råd for helse- og oppvekstfag i arbeidsgjevarorganisasjonen KS. Ho kvir seg ikkje for å seia i klart i frå om lønsvilkåra til desse faga.
– Eg skjønar ikkje alle jentene som akspeterer den dårlege betalinga dei får. På jentene sine vegner er eg provosert, seier Pettersen.
Særleg innanfor helsefag er det stor trong for arbeidskraft framover, ifølgje SSB. Det same gjeld fag som elektro, maskinfag, mekaniske fag og bygg og anlegg.
Har ingen tiltak i dag
Utne Pettersen vedgår at Rogaland fylkeskommune ikkje har nokon medviten tilnærming og aktivitetar for å få fleire jenter og gutar til å velja utradisjonelt.
– Det fylkeskommunen kan ta ansvar for er å synleggjera dei faga me har i skulen.
Ho er open for å gå saman med andre om å få det til, men meiner det blir for stort og omfattande å gjera dette åleine.
Jentesatsing gav fleire jenter i elektrofag
Møre og Romsdal fylkeskommune har positive erfaringar frå prosjektet «Jenter i Elektrofag» der alle ungdomsskulane er besøkt og prosjektleiaren har snakka med klassane om å velja utradisjonelt.
– Me ser ein auke spesielt innanfor elektrofag etter dette, skriv Bjørnar Loe, seksjonsleiar i Utdanningsavdelinga til Møre og Romsdal fylkeskommune i ein epost til Framtida.no.
Rådgjevarane i Opplæring i bedrift informerer ungdomsskulane og vidaregåande skular, og snakkar om fordelene for elevane ved å velja utradisjonelt og dei øver òg påtrykk på opplæringskontora om at dei må oppmoda ungdommane til å velja utradisjonelt.
Oppmodar til utradisjonelle val
I nye Vestfold og Telemark fylkeskommune oppmodar dei elevane til å velje yrkesveg på bakgrunn av interesser, framfor kjønn.
Seksjonsleiar i Opplæring og folkehelse i fylkeskommunen, Ben Ståle Leirvåg, forklarar i ein e-post at dei ikkje har spesielle tiltak retta mot jenter eller gutar (16-19 år), men fleire opplæringskontor som er ute med omtale som støttar opp om at jenter bør vurdera byggfag og TIP og at gutar bør sjå på helsefag.
– Vestfold og Telemark fylkeskommune oppmodar ungdom til å velja den utdanninga der dei har sine interesser, og at gutar og jenter bør vurdera utdanningar som ikkje følgjer det tradisjonelle mønsteret, skriv Ben Ståle Leirvåg, seksjonsleiar i Opplæring og folkehelse i fylkeskommunen, i ein epost til Framtida.no.
LES OGSÅ: – Det er nok mange som ikkje vel yrkesfag fordi dei ikkje tør
Fakta: Månadsløn for ulike yrke
- Elektrikar: 41870
- Helsefagarbeidar: 40240
- Heimehjelp: 34540
- Assistent skule/barnehage: 32920
Tala er gjennomsnitt frå 2019, SSB