Nesten alle korallrev vil vera borte om 20 år
Ifølgje forskarar er det berre 20 år til omlag alle korallrev er borte, som resultat av forureining og CO2-utslepp.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Forskarar reknar at omlag 70 – 90 prosent av alle korallrev til forsvinna, hovudsakleg på grunn av havoppvarming, havforsuring og forureining.

- Les også: Forsking 2017: Klimakrise for korallreva
Vil bli for harde kår i havet framover
– Utvid det til 2100 så ser det ganske dystert ut, seier havforskar ved Universitetet i Hawaii, Renee Setter til nettstaden.
Dei siste åra har forskarar i aukande grad uroa seg over det som ser ut til å vera ei uunngåeleg utrydding av korallreva. Innan 2100 vil det omlag vera null eigna korallhabitat igjen.

Forskarar har prøvd ut mykje for å redda korallreva. Med undervass-høgtalarar har ein prøvd å spele av lydar frå sunne korallrev, med håp om at dyrelivet skulle koma tilbake.
Ein har også prøvd å flytte korallar framstilt i laboratorium til døande korallrev-økosystem for å gjenoppliva det.
Begge deler har hatt lovande resultat, men med aukande dårlege levekår for korallreva, ser det ut til å kun gå ein veg. Det vil bli for harde kår i havet til at korallrev skal kunne overleva i framtida.
- Les også: Surt hav er ikkje sexy – Kva gjer du når du vil rope varsko, men manglar både isbjørn og plastkval?
Kvifor skjer det?
Korallar lever i symbiose med fotosyntetiske algar (zooxanthellae). Korallane er den harde kalkstrukturen i korallrevet, og gir ly og vern om algane. I retur får algane næringstoff frå korallane.
Når temperaturen på havoverflata stig, dør algane – noko som fører til korallbleiking, og ofte også koralldød. Liknande skjer når korallreva vert eksponert for forureining som kjem frå land.

Havforsuring speler også inn. Di meir CO2 det er i atmosfæresen, di meir CO2 blir absorbert i havet – og forsurar havet. Med aukt forsuring blir det vanskelegare for korallane å bygga kalkskjelett, og skjeletta deira blir dimed meir skjøre og utsette for brot.
Både stigande havtemperaturar og forsruing av havet er direkte resultat av aukte CO2-utslepp frå menneske. Den aukte forureininga i havet er først og fremst eit resultat av utvida jordbruksland og bruk av gjødsel, ifølgje Forbes.
- Les også: Havområda ved Svalbard sluker CO2: Havområda vest og nord for Svalbard tar opp meir karbondioksid (CO2) gjennom året enn dei gir frå seg.

Kongsfjorden ved Ny-Ålesund på Svalbard. Illustrasjonsfoto: Are Føli / NTB scanpix / NPK