Havområda ved Svalbard sluker CO2

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er bra for atmosfæren, men ikkje for havet, seier havforskar Melissa Chierici ved Havforskingsinstituttet (HI).

Saman med forskarar frå Norsk Polarinstitutt og Universitetssenteret på Svalbard har ho undersøkt havforsuring.

Som eit sluk for karbondioksid

Tidlegare modellar har vist at havet i nord fungerer som eit sluk for karbondioksid. Dei nye målingane stadfestar at det er tilfelle, forklarer Chierici til HI.

Eit slikt netto karbonopptak i nordlege havområde er bra for atmosfæren, men havet betaler prisen.

– Jo meir CO2 havet tar opp, jo større er sjansen for at det blir surare. I neste omgang kan det gå ut over organismar som har kalkskal, det vera seg tanglopper, hoppekreps, skjel, krabbar og så bortetter. Derfor undersøkjer me òg korleis surare hav påverkar slike organismar, seier Chierici.

Resultata frå undersøkingane blei nyleg publiserte i det vitskaplege tidsskriftet Frontiers in Marine Science.