Fryktar 3D-printa våpen vil gje auka våpenvald

20 amerikanske statar saksøker Trump-administrasjonen for å hindra at 3D-malar av skytevåpen vert lagt ut på internett.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Torsdag denne veka gjekk 20 amerikanske statar til søksmål mot Trump-administrasjonen. Dei fryktar ei nasjonal lov som kan gjera det lovleg å leggja ut malar for å 3D-printe skytevåpen, ifølgje Associated Press.

– Kvifor jobbar Trump-administrasjonen så hardt for å gje valdsutøvarar i heimen,  straffedømte og terroristar tilgang til 3D-våpen som ikkje går an å spora eller oppdaga, seier Bob Ferguson, som er delstatsadvokat i staten Washington i ei uttaling.

Saman med District of Colombia, California og 17 andre delstatar har dei gått til sak mot Trump-administrasjonen.

15.208 drepne med skytevåpen

I 2019 registrerte Gun Violence Archive 15.208 våpenrelaterte dødsfall i USA. 3670 mindreårige vart drepne eller skadde av skytevåpen i fjor.

Forkjemparar for lova meiner det er ein grunnlovsfesta rett å publisera slikt materiale, medan motstandarane fryktar lettare tilgang vil føra til meir våpenkriminalitet. Dei fryktar såkalla spøkelsespistolar, som er vanskelege å spora fordi dei ikkje har noko registreringsnummer.

I 2013 lanserte selskapet Defense Distributed det første funksjonelle 3D-printa handvåpenet. I november i fjor fekk Ferguson medhald frå ein dommar i at det var lovstridig å opne for slik distribusjon av våpenteikningar.

Forvirrande tvitring

I samband med at Defense Distributed skulle leggje 3D-malane ut for sal i 2018 sende den amerikanske presidenten ut ei Twitter-melding, som forvirra folk. I meldinga ser det ut som Donald Trump er mot å 3D-printa handvåpen.

 

Fleire har kritisert presidenten for å støtta seg på våpenlobbyen i National Rifle Association of America (NRA) i denne saka og meiner presidenten opptrer dobbeltmoralsk.