Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 03.02.2020 15:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ein av dei mange fordelane med å bli ei stor internasjonal stjerne, er at du omtrent kan be om kva du vil, for å i det heile tatt gidde å dukka opp.

Ei slik liste blir kalla rider, og inneheld kva artistar treng på scenen for å opptre, men også kva dei ynskjer av arrangørane backstage for å levera bra.

Framtida.no skreiv onsdag om at norske artistar no brukar denne makta til å krevja grøne tiltak på sin rider, men opp igjennom tidene har nok desse listene helst blitt brukt for å unna seg litt privat luksus.

Les om Unge Ferrari og Sigrid, som har skrive under på «The green rider» for å krevja miljøtiltak frå festivalar. Foto: Pressefoto

Her har me samla 20 av dei mest oppsiktsvekkande rider-krava me kunne finna.

Men hugs å ta det med ei lita klype salt: Det meste er påstått eller lekt, med få stadfestingar. I tillegg kan noko vera rein humor frå artistane si side, som då Marilyn Manson ba om ei «skalla, tannlaus hore» på tull i sin rider.

Van Halen

Dette er kanskje ein av dei mest kjende rider-krava, og sette standarden for å overgå kvarandre i sprø krav. På 1980-talet hadde dei på rideren at skåla med M&M måtte vera heilt utan brune M&M-bitar.

Vokalist David Lee Roth har seinare fortald at dette var ein test av arrangørane. Dersom dei hadde fått med seg den detaljen, kunne bandet vera trygge på at resten av den komplekse og tekniske rideren også var oppfylt.

Adele

Som dei fleste andre, har også Adele mat og drikke på rideren sin. I tillegg ber ho om ein sigarettpakke med Marlboro Light og 12 flasker europeisk lager (øl) når ho er på turne. «Nord-amerikansk øl er IKKJE akseptert», står det tydeleg.

I 2011 kravde rideren hennar også at gjester som hadde fått gratisbilett, måtte betala minst 20 dollar for å henta ut bilettane. Pengane skulle gå til veldedigheit.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av Adele (@adele)

Britney Spears

I 2011 kunne britiske Mirror melda at Britney ville ha ei fullverdig engelsk oppleving og ba om fish og chips, i tillegg til eit innramma bilete av prinsesse Diana då ho spelte i London. Ho avslutta likevel kvelden med cheeseburgarar frå McDonalds (utan brødet).

TA QUIZ: Kjenner du att desse Britney Spears-songane på nynorsk?

David Hasselhoff

Baywatch-stjerna skal ha bede om ein papp-plakat (cutout) av han sjølv – i full storleik.

Prince

I 2007 hadde Prince det kanskje største kravet me har sett. Han skulle spela på 02-arenaen i London og ba om å få eit hus bygd til han, nær arenaen. Eit stort hus med fem soverom!

I 2004 brukte han garderobe og i rideren stod det at alle tinga i rommet skulle vera dekt i plast, fram til Prince sjølv kunne ta det bort.

I tillegg har han bede om 16 dusin (tolv), altså 192 handklede og ein lege til å gi han B12-injeksjonar.

Christina Aguilera

Aguilera skal visstnok hate trafikk-køar så mykje at ho ber om politieskorte i sin rider. Der er det spesifisert at det ikkje «under nokon omstende er tillate at bilane møter på nokon forseinkingar på grunn av trafikken».

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Sequins for breakfast ✨

Et innlegg delt av Christina Aguilera (@xtina)

Lindsay Lohan

Det er ikkje berre artistar som kan vera krevjande. Skodespelar Lohan skal ha hatt ei heil liste med vilkår for å stille på eit russisk talk-show. Først og fremst ville ho møta president Vladimir Putin før showet. I tillegg ville ho ha eit års-visum til Russland, eit eige privat jet-fly og 650.000 dollar (5,8 mill. kroner) for å vera med på showet.

LES OGSÅ: Johanne (23): – Russland er meir enn Putin!

Justin Bieber

Bieber har eit stort reisefølge og skal ha bede om 10 luksus-sedanar (bilar) på rideren, i tillegg til eit eige massasjebord og eit privatfly ståande i tilfelle han må reise ein plass i siste liten.

Rideren skal også innehalda krav som eit boblebad og måltid som er namngitt etter hans eigne songar. I tillegg ber han om mandelmelk, lilla nellikar, absolutt ikkje liljer og kvite gardiner i heile garderoben.

LES OGSÅ: Kinas svar på Justin Bieber lagar musikkvideo i Myrkdalen

Kanye West

Hip-hop-artisten er kjend for eit luksuriøst liv, og har sjølvsagt litt av kvart på sin rider. Mellom anna sin eigen barberstol og ein eigen slushmaskin som blandar Coca Cola og alkohol. I 2014 skal han også ha bede om at golvteppet i garderoben måtte strykast fordi det var for «humpete».

I tillegg krev han importerte Versace-handklede tilgjengeleg til alle tider, og at sjåførane hans berre går med klede laga av 100 prosent bomull. Han skal også ha bede om ei seng verd 8000 dollar (71.400 kroner) til dottera North.

Madonna

Denne stjerna likar å føle seg heime, og krev mellom anna at garderoben hennar backstage må likna må heimen hennar. Ho får frakta inn møblar frå sitt eige hus! I tillegg reiser ho med eit følge på 200 personar, som også treng ein stad å bu. Av mindre ting krev ho kvite og rosa roser som er klipt til nøyaktig 15,24 cm (6 inches). Ho skal også ha kravd 20 internasjonale telefonlinjer for å kunne ringa kjende over heile verda.

Det kanskje mest oppsiktsvekkjande på rideren er likevel kravet om eit heilt nytt toalettsete på kvar konsertstad. Overraskande nok er ho ikkje den einaste med dette behovet, også Mary J. Blige og Beyoncé har det same kravet på sin rider.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av Madonna (@madonna)

LES OGSÅ: Songen me ikkje får høyra – Eurovision 2019

Barbra Streisand

Streisand skal mellom anna ha bede dei som arbeider rundt ho om å ikkje gå med t-skjorter når ho er der, men i staden byta til noko meir formelt. I tillegg krev ho at politihundar gjennomsøker rommet før ho kjem.

Beyoncé

Også Queen Bey har nokre elleville krav. Særleg rideren frå 2013 og Mrs Carter-turnéen har fått mykje merksemd.

Ho skal ha krav «handskorne ballar med is» for halsen hennar etter konserten, nymåla kvite veggar, eit nytt toalettsete på kvar nye stad og raudt toalett-papir. I tillegg bad ho om sugerør av titan verd omlag 6500 kroner og rommet hennar må alltid vera 25,5, grader. Som Kanye ber ho også dei tilsette om å gå med 100 prosent bomullstøy.

LES OGSÅ: Kva synest stortingsrepresentantane om Beyonce?

Mariah Carey

Då ho skulle synga på Westfield shoppingsenter i 2009, kravde ho 100 duer og 20 kattungar for å delta på julelystenninga. Dei skal ha klart å skaffa duene, men kattungane måtte vika grunna helse- og tryggleiksårsakar og det vart verken duer eller kattar på scenen. På rideren elles har ho åtte «høge, bladrike planter», vaniljelys, to vasar med kvite roser og draperingar overalt i lokalet.

 

Mötley Crüe

Sjølv etter dei vart edru, kom bandet med ein del merkelege krav på rideren sin. For å unngå freistingar ba dei om eit kart over dei næraste AA-møtene (anonyme alkoholikarar). I tillegg ba dei om «edru underhalding» for å halda dei distraherte, som til dømes ein 3,6 meter lang kongeboa, litt sennep og ein maskinpistol.

LES OGSÅ: – Vi har eit større problem med alkohol enn vi vil innrømme

Iggy Pop

Punk-stjerna Iggy Pop ser ut til å storkosa seg med sine riderar. I 2006 kom han med ein legendarisk rider på 18 sider. For å liva ting opp litt ba dei om kortvakste kledd som karakterane frå De sju dvergane i Disney, og «nokon kledd ut som Bob Hope», så dei kunne pariodera den daude komikaren. I tillegg ynskjer han ei utgåve av USA Today der det er minst ei historie om dødeleg, overvektige amerikanarar.

Her er litt av lista, sitert på engelsk:

«Entire pages dedicated to the live mixes, someone who can speak English, location of speakers and amplifiers, and colorful anecdotes about them all, including a rant about Santiago de Compostela. Also, “two dedicated and intensely loyal” security men, strong tea and coffee, assorted food, two “enormous pizzas,” bread (baguettes namely), some fruit, and chocolate. “Yum, yum.” And 12 bottles of “nice beer,” dinner for 10 people as well as Iggy and two others, a deck of playing cards  “in case one of the band’s girlfriends fancies a quick game of strip poker when the band are onstage”.»

Steve Aoki

I 2012 vart Aoki sin rider lekt. Her var det mellom anna lista opp ein regissørstol med utsikt til scenen, to sikkerhetsvaktar og seks par med underbukser. I tillegg var det noko meir oppsiktsvekkande ynskjer om ein oppblåsbar båt for å ri over publikum og to kaker til å kasta på fansen.

Foo Fighters

Inspirert av Iggy Pop, starta også The Foo Fighters å krydra sine riderar med absurde krav.

Alt i frå brukte DVD-ar, kva som helst magasin som «viser at du har ein hjerne og fantastiske interesser». I tillegg var eit punkt «Ver snill og arranger slik at restemat kan bli henta av eit lokalt suppekjøken, gitt til heimlause eller til “roadien” (assistent) vår som ser ut som Osama Bin Laden.»

LES OGSÅ: Fleirtal på Stortinget for matkastelov

Cher

Ein av dei nokså kjende rider-krava kjem frå Cher. Ho krev nemleg eit eige rom for alle parykkane og anna hårpynt ho har. I tilleg ber ho om nykutta Casa Blanca-liljer, 12 svarte eingongskoppar, pizza, M&M og Aloe vera-serviettar – men berre frå ein firkanta boks!

LES OGSÅ: Heidrun (10) donerte vekk håret sitt

The Rolling Stones

Og så til kanskje den søtaste på lista.

I 2015 vart rideren deira lekt og avslørte at dei stort sett kravde det ein ville forventa: sigarettar, alkohol og ein butler tilgjengeleg heile døgeret.

Men eitt av krava seier litt om at rockeheltane byrjar å dra på åra. Sir Mick den gong på 72 år, Charlie Watts (den gong 74) Keith Richards (den gong 71) and Ronnie Wood (den gong 68), ba alle om nedskrive instruksjonar på korleis ein brukte alt av elektronikk i hotell-romma deira.

Jack Johnson

Og så ei lita perle på slutten. Allereie i 2008 bestemte Johnson seg for å bruka rideren til å gjera konsertarrangørar meir medvitne på klimatiltak dei kunne ta.

I rideren står det i store bokstavar at «SORTERT AVFALL MÅ IKKJE KASTAST VEKK MED RESTEN». I tillegg har han bede om at konsertlokalet installerer energi-effektive lyspærer, har betjent parkering for syklar og at 100 prosent av overskotet skal gå til ideelle organisasjonar.

TA QUIZEN: Kan du nok om nye hits og gamle slagerar?