Medisinstudentar vil ha klimaendringar på pensum

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Både Norsk medisinstudentforening og Legeforeininga oppmodar no medisinske fakultet om å gi ei innføring i korleis klima og helse heng saman, skriv Dagens Medisin.

– Noko av det første vi burde gjere i Noreg, er å erklære klimakrisa for ei helsekrise. Vi treng endå større openheit og tydeleggjering av at klimaendringar allereie påverkar helsa til nordmenn – og at dette berre vil halde fram i åra som kjem, seier folkehelseansvarleg Ola Løkken Nordrum i Norsk medisinstudentforening.

Han meiner at det er viktig å spreie kunnskap om korleis klimaendringar påverkar folkehelsa.

Nordrum viser til at hetebølgjer og ekstremvêr kan forverre eksisterande sjukdomsbilete, temperaturauke påverkar flåttmigrasjon, og høge nivå av luftureining fører til skadar på og sjukdom som gjeld lunger, hjarte og kar.

Fleire medisinske institutt i USA har allereie inkludert klima på pensum, etter ønske frå studentane.

I dette faget har dei ingen lærebøker. I staden for følgjer elevane klimadiskursen gjennom artiklar på nett og såleis held seg oppdaterte. Foto: Bente Kjøllesdal