Politikk og samfunn

«Det er ikkje lett å ta Velle på alvor når ein ser slikt»

Frp sin reklame spreier fordomsfull informasjon med ein tydeleg rasistisk undertone, meiner Maria Abdallah (18).

Maria Hassan Abdallah (18)
Sentralstyremedlem i Solidaritetsungdom
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Simen Velle avviser påstandar om at «Stem Frp»-kommentarane i kommentarfelta på TikTok er rasistisk ladde, og seier at dersom du er ein rasist, så må du finne deg eit anna parti å stemme på.

Spelar på framandfykt

Frp sin nyaste valkampreklame vekker  mykje oppsikt i sosiale medium, og det er ikkje utan grunn.

Reklamen viser ein ung, etnisk norsk mann som går ute på kvelden på austkanten. Han blir overfallen av ein gjeng med ein ung mann med mørk hudfarge i front. Reklamen ropar etter auka bemanning i politivesenet, men ikkje utan å spele på framandfrykt og rasisme.

Det er ikkje lett å ta Velle på alvor når ein ser slikt på skjermen sin.

Rasistisk undertone

Slike reklamar er det siste det norske demokratiet treng, og er giftige for samfunnet. Dei spreier fordomsfull informasjon med ein tydeleg rasistisk undertone. Det er både bekymrande og skummelt å sjå.

Det ein slik reklamevideo gjer, er å skjere alle frå austkanten, og alle med mørk hudtone, over same kam, og stemplar dei som kriminelle.

Det skapar ei vrangførestilling om at éi enkelt gruppe utelukka står for kriminaliteten i landet. Mørk hudtone blir no assosiert med å vere farleg. Eit trekk ein berre er fødd med. Postadressa di blir automatisk synonymt med å vere gjengmedlem eller kriminell.

Forsterkar fordommar

Det burde vere openbert at dette ikkje er tilfelle, men slike reklamar som Frp spreier gjer det utfordrande.

Slike haldningar forsterkar fordommane våre, og leiar til at me snakkar mindre med dei som er annleis enn oss sjølv. Dette er svært farleg, og me treng det motsette!

Me treng at folk utfordrar fordommane sine, og bryt ned dei barrierane me har sett opp rundt oss. Dialog og samarbeid er det beste verktøyet for å finne gode løysingar når me står overfor mange utfordringar. Me lever i ei uroleg tid der det er særs viktig at me bygger bruer, og ikkje veggar mellom oss.

Polarisering

Vårt kjære demokrati er ikkje like stødig som me ofte trur. Det er ein tydeleg auke i polarisering i den offentlege debatten, noko som leiar til eit mindre sunt ueinigheitsfellesskap i samfunnet. Me er alle einige om at me skal arbeide mot svenske tilstandar, men det blir ikkje gjort ved å innføre amerikanske tilstandar, slik som auka polarisering, framandhat og splitting.