Bollestad på iskremfabrikk: – Ikkje alle skal bli stjernekokkar

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi har vunne stjerner både her og der. Noreg har nettopp òg vunne OL i kokkekunst. Det viser at det er mange måtar å ta matfag på. Alt frå industrien til kjøkken, på sjukehus og i barnehagar. Eller is, seier landbruks- og matminister Olaug Bollestad (KrF) til NTB.

Torsdag tok ho på seg kvit frakk og hårnett for å sjå korleis lærlingar lagar is på Diplom-Is-fabrikken utanfor Oslo. Bransjen skrik etter fleire fagarbeidarar, men dei siste åra har søkartala til matfaga berre falle. I tillegg er fråfallet stort.

– Ein skal ha noko å strekke seg etter, sånn som desse Michelin-stjernene er. Men eg trur at for mange av oss, så er det ikkje sikkert at vi skal bli stjernekokkar. Det er viktig å verdsetje dette yrket, som er heilt nødvendig for at vi skal få mat på sjukehusa våre, i institusjonane våre, for at vi skal gi barn og unge god ernæring, seier Bollestad.

Her lagar dei Lollipop-is! Frå venstre: landbruks- og matminister Olaug V. Bollestad (KrF), tidlegare lærling Synne Heggelund og leiaren av Norsk Nærings- og Nytelsesmiddelarbeiderforbund (NNN) Anne Berit Aker Hansen. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix / NPK

Munn-til-munn

Sjølv kan matministeren gjerne tenke seg å jobbe på iskremfabrikken.

– Dette er jo gal-kjekt. Dei lagar jo vanvitig mange ulike typar is. Og teknologien imponerer. Det betyr at dei treng mange typar lærlingar inn i ei sånn bedrift, seier Bollestad.

Ho innrømmer at det er vanskeleg å skaffe nok folk til bransjen.

– Det er faktisk veldig utfordrande, seier Bollestad, som no set ned eit utval som skal sjå på saka.

Det er viktig å verdsetje dette yrket

Likevel konkluderer matministeren allereie no med at trivsel nok er noko av det viktigaste.

– Munn-til-munn-metoden er jo livreddande for folk når dei har hjartestans, men han er òg «jysla» god når ein skal rekruttere folk. Dei beste ambassadørane er dei som fortel om den opplevinga dei har hatt i ei bedrift. Det betyr at bedriftene òg må legge seg i selen, seier Bollestad.

– Treng fleire fagfolk generelt

Ein av dei som går i lære hos Diplom-Is, er Magne Østmo. Han trur Bollestad har ein vanskeleg jobb føre seg.

– Det fungerer ikkje så mykje å berre seie at det er triveleg her. Fordi det er triveleg andre stader òg, seier han.

Og utdjupar:

– Eg trur hovudproblemet er at det ikkje nok folk som vel yrkesfag sånn generelt. Eg hugsar då eg gjekk på ungdomsskulen og skulle velje vidaregåande. Då vart eg alltid fortald: vel studieførebuande, det er der dei smarte endar opp. Men eg er glad eg valde yrkesfag, seier Østmo.

Han håper at fleire tar same val som han i tida framover.

– Fleire fagfolk betyr fleire folk inn i næringsmiddelindustrien, seier han.

Bevart løyndom

Anne Berit Aker Hansen er forbundsleiar i Norsk Nærings- og Nytelsesmiddelarbeiderforbund (NNN). Foto: NNN

Leiar Anne Berit Aker Hansen i Norsk Nærings- og Nytelsesmiddelforbund (NNN), seier det er ein godt bevart løyndom kor mange fine arbeidsplassar det er i norsk matindustri og at dei må bli flinkare til å formidle det.

Ho forklarer nedgangen i rekrutteringa slik:

– Eg tenker det har ein samanheng med det samfunnet vi lever i, der det er veldig høgt fokus på å gjere karriere og ta høgare utdanning. Kanskje tenker mange foreldre som sjølv jobbar i industrien, at barna skal ta høgare utdanning, at ungane får dei råda heimefrå. Kombinert med at industrien har vore altfor beskjedne på eigne vegner når det gjeld å framsnakke det dei held på med, seier ho.

https://framtida.no/2019/11/29/yrket-mitt-asbjorn-42-er-kokk

Asbjørn Sandøy. Foto: Kjærast