Yrket mitt: Gry (51) er sufflør på Det Norske Teatret

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er ikkje få gonger eg har tenkt «no er eg med på teaterhistorie», fortel Gry Hege Espenes på e-post til Framtida.no.

I over 21 år har trønderen jobba som sufflør på Det Norske Teatret. Ho kan fortelje at yrkestittelen kjem frå det franske ordet souffler, som tyder å kviskre, noko ein sufflør ikkje gjer:

– Ein sufflør må snakke høgt og tydeleg slik at skodespelarane skal høyre replikkane.

No har Espenes byrja på arbeidet med den komande framsyninga Tolvskillingsoperaen, og tidlegare har 51-åringen arbeidd med det meste frå Hamlet til Peer Gynt, sjåarsuksessen The Book of Mormon og den populære framsyninga Charlie og Sjokoladefabrikken.

Framtida.no sin teatermeldar, Linn Isabel Eielsen, skreiv at framsyninga av den klassiske Roald Dahl-historia hadde West End-kvalitet: 

«I to og ein halv time sat eg med tallerkenauge og såg noregspremieren på eit stykke som må ha vore noko av det beste eg har sett.»

Pressefoto frå Charlie og Sjokoladefabrikken. Foto: Det Norske Teatret

Sufflør ved tilfeldigheit

– Kvifor valde du denne yrkesvegen? 

– Det var litt tilfeldig eigentleg. Dei søkte etter sufflør på Det Norske Teatret, og eg fekk lyst til å søke. Eg var uansett litt lei av å studere og ville eigentleg berre halde på med teater (noko eg hadde gjort på forskjellige arenaer i mange år allereie). Så dette var jo ei super moglegheit til det.

– Førebudde utdanninga deg på yrket? 

– Tja, til ein viss grad. Eitt år med drama/teater gjorde jo absolutt det.

Espenes fortel at alle åra i amatørteater også var god ballast, då ho kjende godt til alle prosessane rundt ein teaterproduksjon.

– Vi jobbar jo med personar, som har og brukar seg sjølv som verktøy. Dei må gi av seg sjølv og ofte utlevera seg sjølv, og det kan vere ganske krevjande. Då er det viktig at folk rundt har ei forståing for korleis det er å vere i den situasjonen.

Suffløren understrekar at det å sjå andre, greie å lesa dei, og skjøna kor dei er i prosessen til ei kvar tid, er ein stor del av jobben.

– Eg har nok lært mykje av dette både gjennom teaterutdanninga og teatererfaringa mi. Men eg har vel fått bruk for både psykologi og pedagogikk innimellom, fortel Espenes som studerte psykologi og spesialpedagogikk hjå Universitetet i Trondheim.

Frå første øving til sceneteppet går opp

– Svarte det til forventningane? 

– Ja, absolutt. Eller, det vil seie eg hadde vel ikkje så mange forventingar. Eg visste ikkje så mykje om yrket anna enn at ein sufflør hjelper skodespelarane med å hugse tekst og at dei jobbar tett på produksjonen, skriv Espenes.

Ho fortel at det siste var viktig for ho:

– Eg hadde spela og halde på med teater i mange år sjølv, og dette var det eg kunne, kjende til og likte.

Samstundes syntest ho det var utruleg spanande og interessant å få vere med eit stykke på eit profesjonelt teater heilt frå første prøvedag, gjennom prøveperioden og på framsyningar.

– Eg opplevde at eg var ein del av hjartet til produksjonen – ja, heile teateret vil eg nesten seie. Og det gjer eg framleis.

Gry Espenes var også sufflør på den over sju timar lange framsyninga av Andre Verdskrig – Natt i verda: 

– Kort oppsummert: Korleis ser ein vanleg arbeidsdag ut? 

– Det er litt vanskeleg å beskrive, då det er ganske forskjellig frå produksjon til produksjon.

Trønderen fortel at ein som regel har prøver frå kl. 11 til kl. 16, eller frå kl. 10 til kl. 15, samt nokre kveldar når ein har framsyning og ei og annan helg. I byrjinga av ei prøveperiode går skodespelarane som ofte med manus, og då er det ikkje særleg suffli:

– Men det blir meir når dei «slepper boka» og skal prøve å hugse teksten sjølv. Ofte er det òg ein del endring og redigering av tekst, og det er vår jobb og halde manuset oppdatert til ei kvar tid. Dette gjer vi som regel etter at prøven er ferdig.

«Der det skjer»

– Kva er det beste med jobben? 

– Det å få jobbe så tett på produksjonane, få vere ein del av «der det skjer», i prøverommet der framsyninga blir til, svarar Espenes.

Samstundes trekker ho fram alle ho arbeider med – frå skodespelarane, til instruktørar og inspisientar, frå dei som jobbar med all teknikk til administrasjon, info og marknad.

Ho synest også det er positivt at ho alltid kan byrje med noko nytt.

– Etter 8-9 veker er prøvetida over og eg skal inn i ein ny produksjon, med nytt stykke og nye folk. Sjølv om jobben min stort sett er den same er alle produksjonar forskjellige. Ein og anna gong kan det vere greitt bli ferdig med ei prøvetid, men for det meste er det alltid litt vemodig.

– Og så er det sjølvsagt artig med alle premierefestane!

Dette bilete er frå prøveperioden til framsyninga EDDA, der Gry Espenes også har vore sufflør. Foto: Det Norske Teatret

– Kva er det mest utfordrande? 

– Det er utfordrande å vere sufflør fordi det er min jobb å påpeike andre sine «feil». Ein må trå varleg innimellom, og sjå an situasjonar og kvar vi er i prosessen, fortel Espenes.

Ho fortel at det til tider kan vere vanskeleg å vete når ho skal gi suffli, og på framsyningar lyt ho vere ekstra vaken.

– Men det hjelper å kunne stykket godt å vite til dømes kor skodespelarane står og går, og kjenne til alle pausar i dialogar og monologar. Dette lærer vi jo i løpet av ein prøveperiode. Det er òg viktig å ha ein god dialog med skodespelarane – og instruktøren.

Som sufflør skal ein også halde manuset oppdatert, og det kan vere utfordrande i produksjonar kor det er mykje tekstendring. Men dette er ulikt frå stykke til stykke.

– Og innimellom kan ein bli lei av kvelds- og helgejobbing. Men heldigvis er det mindre av det no, i alle fall hos oss.

Ein jobb for folk som likar folk (og nynorsk)

– Kven passar yrket for? 

– Folk som elskar teater, og som elskar å jobbe med teater. Du må vere glad i folk, ettersom vi jobbar ganske tett på andre heile tida. Og så du må nok vere ein tolmodig person.

Det kan vere mykje venting innimellom, og ein kan bli lei av å sjå den same framsyninga om igjen og om igjen.

– Og da er det godt å vete at du snart skal begynne på noko nytt.

– Og så må du sjølvsagt like nynorsk om du skal jobbe her på Det Norske Teatret.

Som sufflør får ein ta del i utruleg mange ulike produksjonar: 

– Har du tips til ungdom som siktar mot denne jobben? 

– Du må ha både språk og tekstinteresse – og forståing. Så utdanning eller erfaring innan språk/litteratur og liknande, er å anbefale. Og sjølvsagt innan teater eller liknande produksjonar.

Samstundes lyt ein sufflør vere ryddig og datakynding, mellom anna fordi det er suffløren som redigerer manus.

– Du må tole å «ikkje vere sentrum», men skjøne at det å jobbe som sufflør er å jobbe med noko som er større enn deg. Og samtidig vete, og aldri tvile på, at den jobben du gjer er viktig.

«Kva var det du sa?»

– Kva er det mest utrulege som har hendt deg på jobb?

– På ei framsyning for mange år sidan kom to skodespelarar heilt ut av teksten. Og dei byrja og surre seg inn i noko dei ikkje kom seg ut av. Eg ante ikkje korleis eg skulle hjelpe dei og til slutt byrja dei begge å le, og så byrja publikum å le, og til slutt lo eg og, fortel Gry Hege Espenes.

Ho fortel at då dei på scena greidde å roe seg såpass at dei var klar for suffli, lo framleis publikum så mykje at skodespelarane ikkje høyrde kva ho sa.

– Så til slutt reiste den eine skodespelaren seg, kom bort til boksen min, la seg ned på alle fire og sa til meg «kva var det du sa?». Og då lo heile salen enda meir. Det tok ei stund før vi kom oss vidare.

Susanna Huneide Thorbjørnsen er marinbiolog. Foto: Even Moland

Gry Hege Espenes

Alder: 51

Frå: Trondheim

Yrke: Sufflør og produksjonsmedarbeidar på Det Norske Teatret.

Utdanning: Ikkje så veldig relevant for jobben min, men eg har både psykologi, drama/teater og spes.ped frå Universitetet i Trondheim.