Linn Isabel Eielsen
Publisert
Oppdatert 11.04.2020 12:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I kveld gløymde eg kor gammal eg er, den kleine meldinga eg sende til den siste Tinder-matchen, og at eg ikkje veit kva eg skal gjere med livet mitt.

I to og ein halv time sat eg med tallerkenauge og såg Noregspremieren på eit stykke som må ha vore noko av det beste eg har sett.

Så bra at eg i fyrste akt grua meg til pause, så bra at eg ikkje torde å grine fordi eg var redd for å gå glipp av noko gjennom tåretåke.

Det er ikkje tvil.

Charlie og sjokoladefabrikken på Det Norske Teatret ber West End-kvalitet.

Det som imponerte meg mest må vere scenografien og kostyma. Då eg tenkte over historia før framsyning begynte eg å lure på korleis i alle dagar dei skulle løyse alle scenebyta, og eg må ærleg seie at eg forventa enkle løysningar – mest sannsynleg omskrivingar. Norske framsyning er ikkje kjende for å ha eit uendeleg budsjett, men her har dei ikkje tatt ei einaste enkel og billeg løysing.

– Eg har store forventningar, Tore Sagen før framsyninga.

Scenografi og kostyme til å døy for

Ting kjem inn og ut, ein foss renn ned frå taket, Violet blåser opp og ein kjempesvær ball rullar over scenen, det er røykmaskinar, tre meter høge ekornkostyme, og eit nytt scenebilete for kvar einaste scene.

Det er fantastisk å sjå på, og det augeblikket når scenen opnar seg for å vise sjokoladefabrikken i andre akt er episk og står til forventningar eg aldri har tort å ha på eit norsk teater.

Dette er tydeleg ei storsatsing, og heile teateret var pynta i sjokoladefabrikkstemning.

Eg sakna liiiitt at teaterbilletten var i gull, slik som gullbilletten i stykket.

Dynamikken i stykket er òg på plass, både i scenografien og kostyme, men ikkje minst i regi.

Regien er av Vidar Magnussen, som har vore bakgrunnsbiletet på telefonen min i to år. Eg er altså ganske fan, og denne framsyninga gjorde det ikkje akkurat mindre.

Regien på stykket er  den perfekte blandinga av naturleg og ekspressivt, med nok av morosame mimikkar og rørsler. Som Willy Wonka seier til ungane: «Å tenkje kreativt er ikkje å tenkje koko», og det har dei klart.

Heidundrande fargerikt rabalder blir meisterleg blanda med rolege augeblikk.

Vidar Magnussen og eg. (Dette bilete av oss er no mitt nye bakgrunnsbilete)

Musikken hindrar fyrste akt, men byggjer andre

Hadde eg ikkje lest at det var live-band ville eg nok trudd musikken var innspelt. Her òg er det på plass. Det einaste eg synsar litt på er vokalprestasjonane i den fyrste akta. Her er det litt haltande jodling, nokre songar eg ikkje heilt ser poenget i, og diksjonen sviktar nesten fleire stader enn den fungerer.

Den eg skvatt mest på var songen om Veruca, kor faren syng «Ve-ronka» fleire gongar, med akkurat nok mellomrom mellom den fyrste og andre stavinga til at det høyrest litt Willy-Wanker ut. Av dei andre karakterane blir ho heldigvis kalt Veruca med U.

Pressefoto av Veruca frå Charlie og Sjokoladefabrikken. Foto: Det Norske Teatret

I andre akt plukkar det seg opp betrakteleg, og eg blir djupt imponert av vokalprestasjonane til båe Willy Wonka (Fridtjof Josefsen) og Charlie Bucket (Peter Andreas Moseng). For ei stemme på ein så liten gut!

Umpa-Lumpaene dukker også opp. Dei stiller som kor ved fleire høve og det heile blir ei sjangerhoppande glede å sjå på, kor det kjem alt frå kyrkjesong til rock.

Fridtjof Josefsen debuterer på scenen som den herleg kyniske og geniale sjokoladeskaparen. Han hiver inn alt frå popping til wailing i karakteren, og eg får ikkje nok av han. Han er Willy Wonka, og han eig den scenen.

Dette er ei framsyning som lever opp til forventningar eg ikkje visste eg hadde, og det er så profesjonelt og fantastisk at salen reiste seg for å klappe før dei skulle begynne å klappe. Det er vanskeleg å beskrive med ord, og eg hadde ikkje lov til å ta bilete (trur eg), så du må nesten oppleve det for å skjønne.

Eg elska det, og eg unner ikkje min verste fiende å gå gjennom denne vinteren utan å sjå Charlie og Sjokoladefabrikken på Det Norske Teatret.

Peter Andreas Hjellnes Moseng deler hovudrolla som Charlie i Charlie og sjokoladefabrikken med Ole Opsal Stavrum.

Charlie og sjokoladefabrikken

Regi: Vidar Magnussen

Koreografi: Belinda Braza

Scenografi: Gjermund Andresen

Kostymedesign: Christina Lovery

Charlie og sjokoladefabrikken

Regi: Vidar Magnussen

Koreografi: Belinda Braza

Scenografi: Gjermund Andresen

Kostymedesign: Christina Lovery