Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 17.10.2019 11:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg har alltid vore fascinert av spel og korleis historiane engasjerer på ein heilt ny måte. Måten spel kombinerer lyd, grafikk, historiefortelling og spelaren si involvering er fantastisk, skriv Catharina Due Bøhler (33).

Ho er dagleg leiar og spelutviklar i norske Sarepta Studio, som har vekt internasjonal åtgaum. Tidlegare i år henta dei og samarbeidspartnar Teknopilot heim ein prestisjetung BAFTA-pris for spelet My Child Lebensborn.

Spelet, som vann i kategorien Game Beyond Entertainment, er basert på faktiske historiske hendingar i etterkrigstida.

I mobilspelet «My Child Lebensborn» adopterer du og tek vare på eit såkalla Lebensborn. Mødrene deira vart sett på fødeheimar og barna, som vart sett på som «rasemessig verdifulle born», vart adopterte bort. Illustrasjon: Sarepta Studio

– Eg vil seie at arbeidslivet mitt er tyngre enn eg hadde trudd, men også mykje meir engasjerande. Eg trivst veldig i spelbransjen og spesielt i selskapet vårt, skriv Due Bøhler på e-post til Framtida.no.

– Kort oppsummert: Korleis ser ein vanleg arbeidsdag ut?

– Sidan eg er dagleg leiar og spelutviklar varierer dagen min veldig basert på kva vi jobbar med og kva teamet treng.

Eg startar ofte opp med å sjekke epost, gå over planane våre og passe på at eg har ei oversikt over kva som er gjort og kva som må gjerast.

Så har vi i teamet eit kjapt statusmøte som endar med morgonstrekk. Alle oppgåver er delt ut og alle set seg ned med det dei skal gjere. Eg har kanskje nokre designmøter å delta på, eller ein søknad å skrive, e-postar der eg skal kommunisera med underleverandørar. Eller så sit eg og skriv ting til spelet, eller testar det andre på teamet har lagar.

Som oftast har eg ei stor liste over alt jeg må få gjort, men eg får kanskje gjort halvparten. Jobben består av mange avbrot. Nokre gongar treng teamet hjelp, eller eg blir tipsa om ein god moglegheit som eg må hoppe på.

Eg har også rundt 5-10 reiser i året kor eg dreg på konferansar, nettverk og held føredrag.

Spelutviklar Catharina Due Bøhler deltek på mange internasjonale konferansar årleg. Foto: Greg Sharpe

– Førebudde utdanninga deg på yrket?

– Eg var førebudd på ein del av det som krevst når det kjem til å jobbe med eit team som lagar spel, kanskje ikkje så mykje på kor lang tid det vil ende opp med å ta. Om vi planlegg eit spel som skal ta 6 månadar, vil det mest sannsynleg ta 1,5 år. Ting tar tid.

Utdanninga førebudde meg heller ikkje på det å skulle vere leiar, men vi valde jo å starte eige selskap. Skal ein gjere det kan det vere lurt å ta entreprenørkurs eller liknande.

– Kva er det beste med jobben?

 Som oftast får eg ta litt del i alt som skjer i teamet, og det er veldig inspirerande. Det er spanande. Om eg nokon gong tek ein kikk på klokka, er det ikkje fordi eg ventar på at dagen skal vere over, men heller fordi eg skulle ønskje eg kunne få litt meir tid på jobb. Det er veldig gjevande å skulle prøve å heile tida beskytte teamet og passe på at dei får gjort jobben sin. Det er også veldig gøy å kunne få vere med på å skape spela våre.

– Kva er det mest utfordrande?

– Det at eg har ansvaret betyr også at om noko går gale eller manglar så er det i bunn og grunn eg som må sjå til at det vert løyst. Det kan bety lange dagar på jobb til tider, og nokre gonger føler ein kanskje at ein ikkje gjer ein god nok jobb.

Illustrasjon Sarepta Studio

–  Kven passar yrket for?

– Yrket som leiar passer for dei som klarar å ta initiativ, som føler ansvar sjølv for den jobben som andre på gruppa gjer. Ein må tørre å lære nye ting og ikke vere redd for å feile (for det gjer ein ofte). Det kan vere nyttig å være empatisk.

Yrket som spelutviklar passar for dei som klarar å sjå ei sak frå mange sider, som likar å lære nye ting og å oppleve nye ting. Som kan tenkje kreativt og kommunisere godt med andre. For dei som likar ein variert arbeidsdag, men som også kan handtere stress og det å måtte sjonglere mykje på ein gong.

– Har du tips til ungdom som siktar mot denne jobben?

 Spel mykje forskjellig, analyser spela og prøv å sjå på kva som gjer dei gode. Spel mange forskjellige sjangrar som du ikkje eigentleg liker også. Det viktigaste ein spelutviklar har, er erfaring frå opplevingar. Desse opplevingane er det ein kan bruke for å skjønne verda rundt seg og andre mennesker.

Og så vil eg anbefale å tidleg ta del i det som skjer i bransjen. Blir med på “Game Jam”-event. Delta på kodekurs, teiknekurs, les om historiefortelling. Og sjå på Extra Credits på Youtube. Veldig bra serie for å lære om spelutvikling.

– Kva er det mest utrulege som har hendt deg på jobb?

 Vi vann ein BAFTA for spelet vårt My Child Lebensborn (BAFTA er ein veldig stor internasjonal pris) og Jeremy Davies kom bort og spurde om han kunne få ta ein selfie med meg.

Har du andre yrke du vil lesa om? Tips oss på tips @ framtida.no!

Les også om yrket som teikneserieskapar: – Skal ein verte teikneserieskapar så må ein verkeleg brenne for det

Teikneserieskapar og illustratør Martin Ernstsen (36) trivst godt, men er ikkje sikker på om han vågar å anbefala yrket til andre. Foto: Esra Duzen

 

Catharina Due Bøhler

Alder: 33

Frå: Oppvaksen i Akershus, bor i Hamar

Yrke: Dagleg leiar og spelutviklar

Utdanning: Bachelor i Opplevelsesproduksjon og Interaktive Medier på Høgskolen i Hedmark.