Høgre-politikar vil forby mobilar i bergensskular

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I samråd med lærarar, foreldre og elevar bestemte Kjøkkelvik skole seg for å bli mobilfri, fortel Bergens Tidende. Først for 8. trinn, så frå 5. til 10. trinn. For å aktivisere elevane i friminutta blei det kjøpt inn spel, biljard og bordtennis. Uteområdet blei oppgradert med ballbinge, bordtennisbord og trampolinar.

Etter mobilforbodet opplever lærarane meir ro og konsentrasjon i timane. Rektor er godt nøgd med effekten.

– Vi har nesten ingen saker som går på digital mobbing med mobilen. Det skjer sjølvsagt nokre hendingar etter skuletid, men nedgangen er tydeleg, seier rektor Reidunn Waag til Bergens Tidende.

Vil forby mobil i alle Bergenskular

I Bergen er det opp til kvar enkelt skule å bestemme eit eventuelt mobilforbod. Men i bystyret i mars vil Høgre-politikar Marte Leirvåg fremje eit forslag om mobilfri skulekvardag. Ho vil ha eit felles regelverk for skulane i Bergen og trur eit mobilforbod vil føre til færre saker knytt til nettmobbing.

– Elevane vil bruke meir av skuletida til læring, dei snakkar med kvarandre og sosialiserer seg på ein heilt annan måte enn tidlegare, seier ho og viser til dei gode resultata frå Kjøkkelvik skole.

Skulebyråd Endre Tvinnereim (Ap) vender derimot tommelen ned for eit forbod. Han påpeiker at nokre lærarar synest det nyttig å bruke telefonen i undervisninga, medan andre ønskjer ikkje å gjere det.

Heller ikkje Frp eller FNB vil støtte Høgres forslag.

Skjermdump frå Youtube.