Er dette Noregs kulaste medisinstudentar?

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Alt vi vil er å vere heltar i «113», men når vi skal til pers står alle fly på bakken. Hjelp oss. Distriktslegelivet kallar, syng studentane i musikkvideoen «Legelivet kaller».

Filmen, som vart lagt ut på Youtube på laurdag, er sett over 40.000 gongar og er allereie plukka opp av NRK.

Medisinstudentane har fått med seg ambulanseprofilar kjent frå NRK-suksessen «113» i den årlege avgangsvideoen.

I tillegg kan ein i videoen høyre stemma til kjendislegen Mads Gilbert, som underviser.

Låta «Legelivet kaller» er skriven til musikken til NRK-skøyaren Nicolay Ramm sin «Raske briller».

Musikkviedoen, som er filma av Stein Erik Simonsen, er òg til dels inspirert av den NRK-produserte raljeringa med festkulturen til fjells.

https://www.youtube.com/watch?v=TN7G3H2YUOc