Små forskjellar mellom bygdeungdom og byungdom: – Overraskande
Den største forskjellen er at færre distriktsungdommar siktar seg inn mot høgare utdanning, syner ny undersøking.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Sidan rammene rundt ungdomslivet kan vere forskjellige i distriktet og i sentrale strok, så er det overraskande at det er så mange likskapstrekk, seier NOVA-forskar Anders Bakken i ei pressemelding.
For første gong har NOVA-forskarar nytta Ungdata-materialet til å samanlikne livet til distriktsungdom og ungdom frå sentrale område.
Funna syner at uansett kvar ungdom bur, så lever dei fleste gode liv og driv med mange av dei same fritidsaktivitetane.
Bygdeungdom er like opptekne av å trene, spele dataspel og scrolle på SoMe, som byungdom.
Samstundes har mange unge eit godt sjølvbilete, trivst på skulen og likar foreldra sine.
- Les også om kommunane som utmerkja seg ved å ta ungdom på alvor: – Det er litt i beinmargen på politikarane no, at dei skal høyre på kva vi har å seie når vi står på talarstolen
Mindre skulepress i distrikta
Det er særleg eitt punkt, der distriktsungdomen skil seg frå sine urbane jamaldra. Langt færre unge i distrikta siktar seg inn mot høgare utdanning.
I distrikta trur 49 prosent av ungdomen at dei vil ta høgare utdanning. I sentrale strøk meiner heile 63 prosent det same.
– Ei mogeleg forklaring kan vere at fleire ynskjer å verte fagarbeidarar innan handverksfag og at ein ikkje treng høgare utdanning for å oppnå det, seier Bakken i pressemeldinga.
Forskaren fortel også at forskjellen kan kome av ulike haldningar til utdanning, eller at det i distriktet er fleire jobbar som ikkje krev utdanning.
Samstundes er prestasjonspress knytt til skulen noko mindre utbreidd, og forskaren ser ikkje vekk frå at desse to funna kan henge saman:
– Utdanningsplanane til unge kan verte påverka av haldningar i miljøet deira. I vennegjengar der skuleprestasjonar og karakterar er vikitg, kan dette påverke den enkelte sitt ynskje om å studere, seier Bakken.