«Insekta er nyttige og ikkje minst berekraftige for jorda vår»

Sindre Rygvik Hansen (16)
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Sindre Rygvik Hansen sitt innlegg er blant dei som fekk heider i Framtida.no sin skrivekonkurranse om klima.

Det er inga skam å like kjøtt.

Kjøtt er ei god kjelde til mange av dei næringsstoffa vi menneske treng for å overleve.

Kjøtt er også svært lett tilgjengeleg. Ein treng berre å gå ein tur på butikken, og ein vil finne eit stort utval av ulike kjøttprodukt frå forskjellige dyr. Kjøttet kan til dømes kome frå fisk, frå kylling, frå storfe, frå gris eller frå sau.

Menneska er stolte over kjøttet sitt. Eit dyr veks opp og blir teke vare på av ein gardbrukar før det blir sende til eit slakteri. Deretter blir kjøttet skore opp, pakka inn og sende til butikken der kven som helst kan kjøpe det ferdige produktet.

Mange tenkjer ikkje på produksjonen av kjøtt som eit miljøproblem

Det mange ikkje tenkjer på, er at denne prosessen sakte, men sikkert tek livet av planeten vår. Mange tenkjer ikkje på produksjonen av kjøtt som eit miljøproblem.

Folk flest veit ikkje at denne prosessen der husdyra våre blir til mat, ifølgje Ung.no, står bak omlag 15 prosent av dei globale klimagassutsleppa, og at FN meiner vi må kutte det globale kjøttforbruket med 60 prosent viss vi skal ha håp om nokon gong å redde klimaet.

I dag et vi meir kjøtt enn nokon gong. Éin nordmann et i gjennomsnitt 80 kilo kjøtt i året. Når vi veit at ein kilo storfekjøtt har dei same klimagassutsleppa som å køyre 200 km med bil har, er 80 kilo ganske mykje.

Men korleis kan vi løyse dette problemet? Når kjøtt er blitt så sentralt i kosthaldet vårt, er det jo ikkje berre å slutte å ete kjøtt?

Løysinga kan vere nærmare oss enn vi trur.

Ekle og kravlande. Det er ofte dei orda ein forbind med det som kan bli ei erstatning for kjøtt i framtida.

Insekta er sunne og næringsrike og inneheld akkurat dei same næringsstoffa som kjøtt og fisk. Proteininnhaldet er høgt, sjølv om det ifølgje Bramat.no kan variere frå berre 13 til heile 77 prosent.

Insekt er svært miljøvennlege i forhold til andre dyr

I motsetning til andre animalske produkt, inneheld insekt også kostfiber. Insekt er svært miljøvennlege i forhold til andre dyr. Ifølgje ernæringsbiolog Lise von Krogh i Bramat.no treng storfe heile tolv gongar så mykje fôr som insekt for å kunne produsere den same mengda protein. Sauar treng fire gongar så mykje mat som insekt, og gris og kylling treng dobbelt så mykje.

Gjennom produksjon av insekt vil vi kunne spare jorda vår for store mengder drivhusgassar, i og med at insekta på langt nær krev den same fôrmengda som andre dyr.

Insekta krev heller ikkje at skogen må bli hogd ned for å frigjere plass til ny landbruksjord.

I tillegg til å vere ei god kjelde til viktige næringsstoff, og i tillegg til å vere miljøvennleg, kan insekta også vere ei fin mogelegheit for fattige menneske i U-land til å skaffe seg eit levebrød. Produksjon av insekt krev lite teknologi og låg investering av teknologiske og økonomiske middel.

Insekta er nyttige og ikkje minst berekraftige for jorda vår

I fleire av desse landa er insekt allereie brukt som ei kjelde til mat over lang tid. Kanskje må vi nordmenn også endre synspunkta våre på insekt?

Insekta er nyttige og ikkje minst berekraftige for jorda vår. Vi må endre den oppfatninga samfunnet vårt har skapt av at insekt er ekle og motbydelege kryp. Sanninga er at desse skapningane er så mykje meir enn berre det. Desse «krypa» kan nemleg bidra til å redde jorda vår.

Les vinnarinnlegget «Klimaverstingen: Lukk auga, så er graset framleis grønt»

Les intervjuet med vinnaren Fridar Malmsten Steinkopf (17) her: – Det er viktig at me legg fokus på dei konsekvensane livsstilen og forbruket vårt har for miljøet og klimaet, og at me alle bryr oss.

Fridar Malmsten Steinkopf vann med innlegget «Lukk auga, så er graset framleis grønt». Foto: privat