Førsteamanuensis: – Alle lærarstudentar må beherske begge målformer

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi skyldar alle elevar å utdanne lærarar som kan undervise dei på deira eiga målform. Nynorskelevar er særleg utsette, men også bokmålselevar har nytte av språkleg kompetente lærarar, meiner førsteamanuensis i norsk språk Eli Anne Eiesland.

I eit debattinnlegg i Khrono , som er ei uavhengig nyheitsavis for høgare utdanning og forsking, skriv Eiesland at det er eit aukande problem at elevar med nynorsk som hovudmål møter for lite og for dårleg nynorsk i opplæringa. Likevel er det få lærarutdanningsinstitusjonar som kvalitetssikrar nynorskferdigheitene til ein stor del av sine kommande lærarar.

Les også: 349 tomme studieplassar på lærarutdanningane

Etterlyser opplæring

– Det er på høg tid at vurdering, og helst også opplæring, i begge målformer, blir nedfelt eksplisitt i studieplanane til alle universitet og høgskular som tilbyr lærarutdanning, i tråd med gjeldande regelverk. Og ikkje minst må kvalitetssikringa av ferdigheitene gjennomførast i praksis, skriv Eiesland.

Etter hennar meining skal alle lærarar kunne jobbe på alle skular i landet, og undervise alle elevar, i og på begge målformer, uansett kvar i Noreg ein har teke lærarutdannings si.

Også i bokmålskommunar må lærarane kunne undervise på nynorsk, sidan elevar som flyttar frå ein nynorskkommune til ein bokmålskommune har rett til framleis å få opplæring på den målforma ho eller han byrja med.

Og det er ikkje berre norsklærarar som skal meistre begge målformer. Alle skulefag har ansvar for lese- og skriveferdigheitene til elevane.

Les også: Mållaget skuffa over nytt forslag til opplæringslov: – Gjer ingenting for å sikre korkje norsk eller nynorsk