Mållaget skuffa over nytt forslag til opplæringslov: – Gjer ingenting for å sikre korkje norsk eller nynorsk
Fredag kom opplæringslovutvalet med framlegg til ny opplæringslov. – Lova tek ikkje nye grep for å sikre nynorskelevane digitale læremiddel i skulen på nynorsk, meiner Noregs Mållag.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Utvalet gjer ingenting for å sikre korkje norsk eller nynorsk særskilt i den nye digitale røyndomen til norske elevar. Opplæringslovutvalet gjev dei store multinasjonale selskapa makt over norsk språkutvikling, det står til stryk, seier leiar Magne Aasbrenn i Noregs Mållag i ei pressemelding.
– No har vi sjansen til å lage ei ny opplæringslov som kan hindre at utanlandske teknologi-gigantar som Google og Apple får styre språkpolitikken i skulen, men det har ikkje utvalet våga å krevje, seier han.
Manglar konsekvensutgreiing
Ifølgje Mållaget legg opplæringsutvalet fram fleire store endringar av opplæringspolitikken som vil påverke språksituasjonen, heilt utan å greie ut eller grunngje dei språklege konsekvensane endringane vil få.
Førsteamanuensis Jon Christian Fløysvik Nordrum ved Institutt for offentleg rett ved Universitetet i Oslo har leia opplæringslovutvalet. Utvalet vart sett ned av regjeringa i 2017 og har hatt til oppgåve å sjå på opplæringslova for grunnskulen og for vidaregåande utdanning.
Fredag vart innstillinga overlevert til kunnskapsminister Jan Tore Sanner.
- Les også om bibliotekundersøkinga som syner at meir positive haldningar til nynorsk: – Nynorskhatet er ikkje så sterkt og framtredande som før. Det er heller ikkje like stovereint å fronta det