349 tomme studieplassar på lærarutdanningane

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
I førsteåret på grunnskulelærarutdanninga 1.–7. trinn står 219 plassar tomme, medan det på utdanninga for 5–10. trinn manglar 130 studentar for å fylle alle studieplassane, ifølgje nettavisa Khrono.
Det dårlegaste oppmøtet er på samisk Høyskole i Kautokeino med 8 prosent og på Nord universitets lærarutdanning frå 1–7. trinn med lulesamisk i Bodø, som har eit oppmøte på 10 prosent.
Den ordinære lærarutdanninga for 1–7. trinn i Bodø har fylt 48 prosent av studieplassane sine. Også Høgskulen på Vestlandet sitt studietilbod på Stord har hatt problem med dårleg oppmøte – berre 18 av 54 studentar møtte fram til studiestart.
Minister for forsking og høgare utdanning, Iselin Nybø (V), bekymrar seg over tala.
– Det bekymrar meg at vi ikkje rekrutterer tilstrekkeleg mange til denne utdanninga. Rekrutteringsutfordringar i distrikta er urovekkjande, og det er eit mål å fylle alle studieplassar, skriv Nybø i ein mail til Khrono.