På turné i berekraftig antrekk: – Vil vise at ein ikkje treng kjøpe nytt

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 17.09.2019 12:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg har ofte kjent eit slags indre press om at eg må ha på meg noko nytt og fint, fortel Hilde Selvikvåk på telefon til Framtida.no.

– Det er dumt, for det vert eit feil bilete på korleis det bør vere. Eg vil ha eit litt meir nøkternt klesforbruk, og vise at ein ikkje treng å kjøpe nytt heile tida.

Stavanger-artisten starta difor eit prosjekt som skal fjerne skuldkjensla som set seg når ho kjem heim med ein handlepose. Denne veka startar ho på noregsturné, og skal bruke det same antrekket på heile turnéen. I tillegg skal antrekket vere berekraftig.

Ingrid Bergtun (t.v.) har sydd dette flotte antrekket til Hilde Selvikvåg. – Ingrid har sydd akkurat det eg ønska meg, seier Selvikvåg. Foto: Victoria Bergort

Eit Instagram-inspirert samarbeid

Sjølv om Selvikvåg har sydd eit hopetal hårstrikkar som ho selde for å samle inn pengar til demensråka, så laut ho alliere seg med nokon som har litt lengre fartstid ved ei symaskin for å skape antrekket.

Når Framtida.no snakkar med artisten er ho på veg til systudioet til den berekraftsfokuserte påverkaren Ingrid Bergtun.

Selvikvåg er ein av dei tusenvise følgjarane til Bergtun på Instagram, og vart inspirert av dei mange eigensydde, redesigna plagga. Ho tok difor kontakt for å spørje om Bergtun ville hjelpe ho med turnéantrekket:

– Eg tenkte at dette vil ho sikkert ikkje, men eg tapar ikkje noko på å prøve, forklarar Selvikvåg.

Det var ingen grunn til å stusse, for Bergtun var ikkje i tvil:

– Dette ville eg garantert gjere! seier Ingrid Bergtun, som tidlegare har sydd både for Ina Wroldsen og Tomine Harket.

Ungt engasjement

Selvikvåg og Bergtun kjende ikkje kvarandre frå før, men bur begge i Stavanger. I vår reiste dei difor saman til Fretex – på jakt etter det perfekte stoffet. Der, blant mangfaldige tøystykke i alle slags fargar, fann dei eit rutete, raudt stoff dei begge graviterte mot.

Slik såg ranselen til førsteklassingen Hilde Selvikvåg ut. Er det skjebnen? Foto: Privat

– Eg hadde ein ransel med same stoffet i første klasse, og det hadde Ingrid òg. Det er noko med det, at du har sett noko frå du var lita, forklarar Selvikvåg.

Sjølve syprosessen starta måndag 2. september og antrekket lyt vere ferdig til fredag same veka. Då sparkar turnéen i gang. I løpet av veka har følgjarane til Selvikvåk og Bergtun stemt over korleis det ferdige antrekket skal sjå ut.

Responsen har vore enorm:

– Det er jo eit veldig engasjement blant unge om å kjøpe brukt, lage ting sjølve av brukte stoff og miljøvenleg mote generelt. Det er kjempekjekt, seier Selvikvåg.

Frå filler til siste mote

No håpar dei to profilane at stadig fleire klarar å frigjere seg frå kjøpepresset og trongen til å handle i kjedebutikkar landet over.

– Vi vil få folk til å tenke annleis – ein treng ikkje kaste klede, dei kan vere nye for nokon andre, seier Bergtun.

– Eg håpar eg kan inspirere både unge og gamle til å ta fram symaskina. Det er ikkje så vanskeleg heller, seier Selvikvåg og poengterer at Bergtun heller ikkje har sydd så lenge.

Ein treng ikkje kaste klede, dei kan vere nye for nokon andre

Som så mange andre gjorde Ingrid Bergtun sine første syforsøk på barneskulen, men etter det rusta syferdigheitene. Det er berre tre år sidan Bergtun igjen kjøpte seg ei symaskin og tok opp att faget.

– Eg hugsar eg sydde ei skjorte til sambuaren min. Den brukte eg tre dagar på, for eg var ikkje kjemperutinert. «Herregud», tenkte eg, for eg hadde inga innsikt i kor mykje tid, ressursar og materiale det tek å lage ei skjorte eg hadde forventa kosta 150 kroner på butikken.

Då hadde Bergtun også vorte merksam på kor mykje klesindustrien forureinar, og kor mange plagg som vert produserte for å brukast berre éin gong. Det vart ein augeopnar.

Difor brukar ho kvardagen på å syne korleis ein syr kule klede av gamle plagg, for redesign treng ikkje vere gammalmodig, det kan tvert om sjå ut som siste mote.

Det var viktig for Hilde Selvikvåg at dei to delane til turnéantrekket også kunne kombinerast med plagg ho hadde i skapet frå før av. Foto: Victoria Bergort

Kast deg ut i motiverande prosjekt

Siste sting er sydd på det raudrutete turnéatrekket til Hilde Selvikvåg, og snart skal det visast fram for publikum over heile Noreg.

– Eg har valt å setje fokus på berekraft der eg er mest synleg frå utsida: med klede. Ein tenkjer at verda er så stor at det ikkje nyttar, men om vi alle saman gjer noko, kan vi få til endring, seier artisten.

Ingrid Bergtun har nokre råd til andre som vil ha eit meir berekraftig klesforbruk.

– Om ein ikkje vil lære seg å sy, så er det mange brukte klede som er til sals. Om du har lyst på eit par sko i eit visst merke, så finst det garantert på Finn.no. Så sjekk ut om det finst brukt!

Om vi alle saman gjer noko, kan vi få til endring

Dersom det klør i fingrane etter nål og tråd, så rår Bergtun deg om å starte med å kaste deg ut i motiverande prosjekt:

– Eg sydde plagg eg ville ha, sjølv om eg ikkje kunne nok. Det gav ei meistringskjensle. I dag synest eg ikkje det var bra, men eg syntest det var det då, sjølv om sømmane var skeive, seier Bergtun og legg til:

– Om du vil ha nye klede, ikkje start med å legge opp gardiner.

Her kan du følgje prosessen frå stoff til ferdig antrekk: