No må vi ta ungdom på alvor, og gje dei læreplass!

Sindre Hornnes, Ungdomstillitsvald Fagforbundet i Sogn og Fjordane.
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Det viktigaste vi kan gjere for ungdom: Det er å la alle få fullføre utdanninga si. Når ein vel eit yrkesfag, så må alle få ein læreplass. Det er å gje dei ein verdigare start på arbeidslivet.

Fråfallet i vidaregåande skule er framleis alt for høgt og talet elevar som ikkje får seg læreplass, er no passert 8000 i året. Det er på tide at ein tek innover seg at det er eit samfunnsproblem at ungdom ikkje får fullført utdanninga si.

Innan 2030 vil vi mangle 150 000 fagarbeidarar. Skal vi ha ein velferdsstat med nok tilsette og fornuftig bruk av ressursane, så må vi ha ei storsatsing for å få ungdom til å velje yrkesfag. Ikkje minst så må vi gje dei moglegheit til å fullføre yrkesfag.

Det er eit samfunnsproblem at ungdom ikkje får fullført utdanninga si

Sidan 1994 har alle elevar hatt rett til vidaregåande opplæring, då er det rart at ein likevel ikkje har rett til å kunne fullføre den utdanninga ein har starta på. Løysinga til fylkeskommunen har vore å gje elevane moglegheit til å byrje på allmenn påbygg, slik at dei kan gå vegen vidare til høgare utdanning. Den løysinga har sikkert vore flott for nokon, men ein har ikkje teke innover seg at mange er skuleleie, og ikkje ynskjer eit nytt skuleår fylt med teori.

Det held ikkje berre med flotte ord, det må konkret handling til. Nordland fylkeskommune har vedteke at alle som kvalifiserer seg til det, skal ha krav om ein læreplass. Dette er noko politikarane i fylket vårt må sjå til. På same måte som at ein tilbyr VG3 opplæring til dei som går på studiespesialiserande, så er det ei offentleg oppgåve å sikre alle retten til læreplass.

No må vi ta ungdom på alvor og gje dei læreplass!