Vil ha meir fokus på gutar i seksualitetsundervisninga: – Ein del negative trendar
Organisasjonen Sex og politikk er uroa over sosiale medium-trendar som Andrew Tate. No vil dei treffa gutane i større grad.
– Me ser eit behov for eit auka fokus på gutar. Det handlar om ein del negative trendar som til dømes Andrew Tate, ei oppfatning av likestilling, menns seksualitet og kjønnsroller, som kan vera skadeleg.
Det seier assisterande dagleg leiar i Sex og politikk, Kjersti Augland, på telefon til Framtida.no.
Organisasjonen Sex og politikk har med støtte frå Konfliktrådet vitja vidaregåande skular i Rogaland, Vestland, Troms og Finnmark med eit undervisningsopplegg knytt til dokumentarfilmen Ikke en sånn fyr. Filmen presenterer historia til tre menn som er dømt og sonar for festrelatert valdtekt eller sovevaldtekt.
Augland fortel om stort engasjement frå elevane, som har delteke i undervisningsopplegget med filmen.
Markant auke i seksuell vald
UngVold-undersøkingane viser ein markant auke i seksuell vald i perioden 2007 til 2023.
Om lag éin av fire fortel at dei har blitt utsette for ei eller anna form for seksuell vald i løpet av oppveksten. Jentene er i betydeleg større grad enn gutane utsette. Dei vanlegaste formene for seksuell vald er uønskt beføling og den vanlegaste gjerningspersonen er jamaldrande.
Éin av ti oppgav å ha vore utsett for anten sovevaldtekt eller valdtekt ved tvang eller trugslar. Òg her var jentene i fleirtal.
Dette er tal som uroar Augland.
Førebyggjande innsats
– Det er viktig å ta tak i kva som er seksuell vald og overgrep. Dette er viktig for alle kjønn, men me har sett at det er naudsynt med eit særskilt fokus på unge gutar. Så høyrer me her og der at det er ein del unge gutar som opplever at seksualitetsundervisninga ikkje treffer dei, seier Augland.
Ho understrekar at organisasjonen har eit sexpositivt utgangspunkt, men at god informasjon og forståing av eigen og andre sin seksualitet er ein viktig førebyggjande faktor.
– Alle har rett på god info som er relevant for den situasjonen og sosiale konteksten dei er i, og så ser me nokre bekymringsfulle trendar som viktig å adressera.
Elevorganisasjonen: – Generelt for dårleg
Leiar i Elevorganisasjonen, Petter Andreas Lona, synest det er interessant at Sex og Politikk vil treffa gutane i større grad, men har ikkje nokre kjønnsspesifikke tips til korleis det kan gjerast.
– Generelt er seksualundervisninga altfor dårleg og det er mange lærarar som vegrar seg for å snakka om seksualundervisning i det heile tatt, seier Lona.
Han etterlyser eit større fokus på seksualundervisning i lærarutdanninga, og i skulen.
– Ein må rett og slett prioritera god seksualundervisning. Det er mange som berre har tre timar gjennom heile skuleløpet og vårt poeng er at det er altfor lite generelt. Det trengst mengder, men sjølvsagt må seksualitetsundervisninga bli meir relevant.
Lona understrekar at han ikkje kjenner til Sex og Politikk sitt spesifikke opplegg, men trur det er eit poeng at òg seksualundervisninga i skulen kan treffa gutane i mindre grad.
Kjønnsuavhengig
Avdelingsleiar for kommunikasjon og politikk i Sex og samfunn, Ingvild Endestad, forklarar at deira seksualitetsundervisning rettar seg mot alle kjønn og er kjønnsuavhengig.
I 2021 sende organisasjonen ut ei undersøking til norske 16- og 17-åringar om seksualitetsundervisninga i den norske skulen. Det var betydeleg høgare svarprosent blant jentene, men gutane som svara var i større grad nøgde med undervisninga dei fekk.
– Me jobbar ganske mykje med å sjå på dei mytane som er om seksualitet, som at det er gutar som er den aktive parten som vil og jenter passive. Det vert feil å anta at alle gutar skal ha same info og alle jenter ha same info, fordi seksualiteten er veldig forskjellig, understrekar Endestad.
Færre gutar på helsestasjonen
Organisasjonen er inne i alle niandeklassingar i Oslo, og undervisarane opplever at gutane gjerne er dei som deltek mest aktivt i undervisninga.
Sex og samfunn tilbyr òg helsetenester på klinikken og samtalar via chat. På same måte som helsestasjon for ungdom, opplever klinikken deira ein kjønnsubalanse.
I 2022 var 27 prosent av dei som oppsøkte klinikken gutar. Dette talet skulle dei gjerne sett at var høgare.
– Me tenkjer at alle treng grunnleggjande kunnskap om kropp og seksualitet. Det gjeld både i pubertet og gjennom heile livet at ein har spørsmål om relasjonar og kroppen sin. Då er det viktig å oppsøka helsetenester og ha gode erfaringar frå tidleg av, avsluttar ho.