Seksualundervising i Paraguay: Sex er for heterofile i ekteskap og kondom kan ikkje stolast på
Katolske Paraguay har den høgste delen tenåringsgraviditetar i Sør-Amerika. No får dei for første gong seksualundervising: – Ei fornærming mot vitskapen.
For første gong har utdanningsdepartementet i Paraguay godkjend ein nasjonal læreplan for seksualundervising. Men feministar og fagpersonar innanfor seksuell helse fortvilar, ifølgje AP news.
– Teksten er veldig farleg, det er ei fornærming mot vitskapen, sa den venstreorienterte senatoren Esperanza Martinez til ein regjeringskomité som nyleg møttest for å diskutere den nye læreplanen.
Katolskt diktatur
I 76 av dei siste 80 åra har det konservative Colorado-partiet styrt landet, mellom anna gjennom eit 35 år langt diktatur. Først i 1961 fekk kvinner stemmerett, som det siste landet i Sør-Amerika, og det katolske landet har nokre av dei strengaste abortlovene i verda.
– Lover overalt tillèt no at jenter drep sine babyar, men Paraguay er blant dei få attverande som seier nei for Jesu skuld, seier Oscar Avila, dagleg leiar ved eit antiabortsenter for unge mødrer, til AP news.
Landet har den høgste delen tenåringsgraviditetar i Sør-Amerika.
Paraguayanske folkevalde hevdar at det finst ein vestleg konspirasjon for å feminisere gutar og gjere jenter homofile, og i 2017 var dei første land i verda som innførte forbod mot diskusjonar om kjønnsidentitet i skulen.
Med dette som bakgrunnsteppe har pensumet i den nye læreplanen blitt årsak til stor diskusjon i landet.
Beskytte dei unge
Pensumet består av 12 bøker, eit for kvart klassetrinn, kalla «12 vitskapar om seksualitet og affeksjonsutdanning». Dette skal først prøvast ut i fem regionar frå september av, før det vert rulla ut nasjonalt.
Ulike konservative foreldreorganisasjonar som kallar seg pro-life, har hylla bøkene som ein måte å undervise i moral på og forsvare verdiane til folket.
– Det er ein reell kamp om liv, familie, dei reelle rettane til barn og foreldras fridom, seier pensumforfattar Maria Judith Turriaga, til AP news.
I læreplanen får borna mellom anna høyre at dei skal behandla andre med respekt og pleie sunne forhold.
Åtvarar mot kondom
I pensumet vert sex omtala som «Guds oppfinning til gifte» par og ein åtvarar om at kondom ikkje nødvendigvis verkar. Seksuell orientering eller identitet er ikkje nemnt med eitt ord, og all omtale av sex er om heterofil sex.
Døme på ting som skal stå i materialet er mellom anna:
- Den einaste måten å sikre seg mot svangerskap og kjønnssjukdommar er å avstå frå sex og at ein ikkje kan stole på kondom
- Onanering fører til frustrasjon og isolasjon
- Jenter skal vere medvitne på at korleis dei kler seg kan påverke korleis menn oppfører seg
- Menn erobrar, dei forfører ikkje
- Jenter har mindre og lettare hjernar
- Gutar græt ikkje lett
I tillegg vektlegg pensum at ein skal vere lydig overfor foreldre og styresmakter, og gravide tenåringar vert oppmoda til å fortelje det til familiane sine og få hjelp – sjølv om 80 prosent av seksuelle overgrep mot born i Paraguay skjer i familien.