Kall ein kuk for ein kuk

Anna Sofie Ekeland Valvatne og Trine Gravdal
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Dette debattinnlegget stod først på trykk i Sunnhordland.

Det vert ikkje snakka om grensesetting og samtykkje, gutar og jenter opplever ulik praksis i seksualundervisninga, og ein høyrer sjeldan noko om kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og seksualitet. Alle, uavhengig av kjønn, må få tilgang på ei omfattande og god seksualundervisning.

Ofte tykkjer lærarane det er kleint å snakka om dette emnet med klassen. Det kan då verka som ei trygg og enkel løysning å halda seg til kjønnssjukdommar, mensen og prevensjon. For å driva med seksualundervisning må ein vita korleis ein møter ungdom og deira undringar. Ein må tora å kalla ein kuk for ein kuk.

Førebyggande

Seksualundervisninga er meint som eit førebyggjande tiltak. Det er altfor seint å byrja å snakka om sex når du er 15 år. I denne alderen har ein del allereie debutert seksuelt, dei kan ha spørsmål om eigen seksualitet eller ha opplevd trakassering og overgrep. Born og unge må læra om sex og eigen seksualitet frå fagpersonar og vaksne, ikkje frå porno.

Kunnskap om grensesetting må starta allereie i barnehagen. Mange seksuelle overgrep mot born og unge blir aldri oppdaga eller meldt til politiet. Mange held det hemmeleg fordi dei er redde for å ikkje bli trudd, redde for konsekvensar, eller kan vera truga av den som utførte overgrepet. I gjennomsnitt held eit born som blir utsett for overgrep på hemmelegheita i 17 år (Steine et al. 2016). Borna skal vita at dei eig deira eigen kropp. Det krev at ein snakkar med borna på deira nivå. På denne måten kan me førebyggja overgrep mot born, og bryta tausheita mange held på.

Samtykke

Kunnskap om samtykkjebasert sex førebyggjer overgrep og trakassering. Undervisninga på skulen må læra oss at god sex startar med god kommunikasjon. Den skal vera ein rettleiar til morosam og trygg sex. Alternativet er ideal henta frå porno og populærkultur, som på ingen måte gjev eit realistisk bilete av kva sex er og bør vera. Me må knusa mytar, og læra elevane om sex, seksualitet og grensesetting. Evne til å seia kva ein likar og ikkje likar er nøkkelen til eit fritt, trygt og godt sexliv. Me veit at meir enn halvparten av overgrep på ungdommar vert utført jamn aldrane, som til dømes ein kjærast eller ein ven. (NKVTS 2014). Me er nøydde til å læra born og unge at det må vera like greitt å seia nei, som det er å seia ja.

Det er altfor seint å byrja å snakka om sex når du er 15 år.

I dag opplever gutar og jenter ulik praksis i seksualundervisninga. Gutar lærer om onani og våte draumar, medan jenter lærer om pubertet og mensen. Dette gjer at mange jenter føler på skam rundt eigen seksualitet. Slik skal det ikkje vera. Det er heilt vanleg å ha sex og fantasiar, for både jenter og gutar. Difor må me normalisera onani, fantasiar og forhold til eigen kropp, og det gjer me gjennom god seksualundervisning.

For å normalisera

Sex er sex, og det må alle læra. Dagens seksualundervisning snakkar alt for lite om ulike legningar, kjønnsidentitetar og kjønnsuttrykk. Dette er med på å laga og oppretthalda fordommar. For mange er det vanskeleg å bryta med norma. For å normalisera alle legningar, kjønnsidentitetar og kjønnsuttrykk er me nøydde til å snakka ope om det i skulen.

Me i Stord SV vil henta inspirasjon frå Bergen kommune og laga ein plan for seksuell helse, seksualopplysning, og seksualitetsundervisning som sikrar alle born og unge i Stord kommune god seksualundervisning, uavhengig av kva skule dei går på og kva lærar dei har.

Alle skal vera trygge på eigen seksualitet, bli møtt med respekt for grensene sine og vita at ulike menneske har ulik sex, og at det er heilt normalt!

Anna Sofie Ekeland Valvatne
2. kandidat for Stord SV

Trine Gravdal
12. kandidat for Stord SV

LES OGSÅ: 15 mytar om prevensjon

Kan ein bli gravid i alle stillingar? Er det trygt å aldri ta pause frå p-pillene og finnast det ein kondom for alle? Foto: Simone van der Koelen, Unsplash.com og Colourbox