Éin konsert på 100 dagar skaffa car.pool 13 spelejobbar

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg måtte berre legga meg ned på bakken då eg høyrde det. Det er det sjukaste me har opplevd som band, seier vokalist Ida Sofie Laland på telefon til Framtida.no.

Sist helg møttest musikkfestivalar frå heile landet på bransjefestivalen 100 dagar, der 18 lovande band var plukka ut til å spela.

Car.pool vart kåra til årets vestlandssatsing, og får difor heile 13 spelejobbar på store festivalar på Vestlandet.

Som 100 dagar sjølv skriv: «car.pool er ein herleg eksplosjon av 80-talls pop og moderne rock. Best servert live. For denne gjengen må ikkje berre høyrast, den må dansast med».

Laland har aldri vore på turné før, og gler seg til å reisa i lag med resten av bandet.

Vokalist Ida Sofie Laland frå Bryne, Jonas Verlo frå Asker på trommer, Olav Hanem frå Kristiansund på bass, Ole-Petter Ålgård frå Ålgård på keys, Torfinn McKenzie Juva frå Treungen på gitar og Eirik Lindtner frå Karmøy på gitar. Foto: Tobias Aasgaarden

Singelslepp

Car.pool var det einaste bandet under 100 dagar som ikkje allereie er på Spotify. Neste fredag slepp dei sin første singel. Og no skal dei ut på lanseringsturné.

I dag, fredag, tar dei toget frå Kristiansand for å spela på Checkpoint Charlie i Stavanger i kveld. I morgon laurdag speler dei på Hulen i Bergen. Og er du i Oslo kan du høyra dei på Uhørt i Oslo onsdag 5. februar.

– Korleis vil du sjølv skildra musikken dykkar?

– Poprock med dansbar sound. Me går for at folk skal ha lyst til å dansa. Når det gjeld tekstane, så handlar det om å vera i 20-åra og kva som skjer no.

Ida Sofie Laland i car.pool på 100 dagar på Stord 24. januar. Foto: Mats Mæland, 100 dagar

Heile bandet studerer rytmisk musikk på Universitetet i Agder i Kristiansand. Då dei starta hausten 2018 byrja dei i eit Paramore-coverband i lag. Alle likte bandet. Men etter kvart byrja dei å laga eigne songar. Dei melde seg på talentprogrammet Turbo til AKKS i Kristiansand. Det fekk dei til å skriva endå fleire songar.

– No har me funne vår eigen sound. Det er dritnice, seier Ida Sofie Laland. No har dei kanskje ti songar, og settlista er på åtte songar.

– Me har lyst til å spela skikkeleg bra songar når me speler.

Talentbyggingsprosjekt

Med på Vestlandssatsinga 2020 er Malakoff, Musikkfest Stavanger, Utkant, Folk og fjord, Tysnesfest, Mablis, Festidalen, Bygdalarm, Skånevik Bluesfestival, OmStock, Fest i Vest, Den Festivalen i Vangen og Vikedal Roots Music Festival.

– Det er eit fantastisk talentbyggingsprosjekt. Her samlast ein haug seriøse arrangørar seg rundt eit band ein ønsker å gi eit karriereløft. Desse festivalane tilbyr totalt sett enormt viktig erfaring frå festivalspeling, turnering, planlegging og økonomistyring, seier festivalleiar Jostein Sydnes i ei pressemelding.

Tidlegare vinnarar er blant anna Kriminell Kunst, Hear Me Roar, Silja Sol, Yuma Sun og I am K.

Sassy Kraimspri

Ida Collett Belle og Thore Pettersen i Sassy Kraimspri fekk prøva ut det første podtellet i Noreg under 100 dagar i 2018. Foto: Svein Olav B. Langåker