«I am K» vann ein drøss med festivaljobbar

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Bransjefestivalen 100 dagar samla rundt 500 publikummarar fredag og laurdag. På scenen stod 20 band som skulle overtyda festivalarrangørar om at dei bør spela på festival til sommaren.

– 100 dagar leverer høgt tempo, høg puls og høg kvalitet. Av desse artistane vart «I am K» vald som vinnar av Vestlandssatsinga 2018. Og for ein konsert dei leverte. Bandet gjekk av scena alt klokka 20.30 på laurdagen, og etterlot seg eit måpande publikum. Ingen tvil. «I am K» kjem til å klatra seg kjapt opp blant landets mest interessante band. 2018 er deira år, skriv festivalleiar Jostein Sydnes i ei pressemelding.

– Smart og moderne

Han legg til at «I am K» representerer ei moderne og smart tilnærming til musikkfaget.

Oda Ulvøy (26) er vokalist i «I am K». Foto: Svein Olav B. Langåker

– Melodisk pop, sylskarp elektronika og treffsikker rock sys elegant saman. Ryddig kompleksitet, kvalitet i alle ledd og ingen sjangebegrensingar. Og denne våren kjem debutplata «Humans». Lyskannene er verkeleg retta mot «I am K» dette året, skriv Sydnes.

Talentbyggingsprosjekt

Vestlandssatsinga, med sitt utspring i 100 dagar, er eit talentbyggingsprosjekt. Her samlar fleire arrangørar seg rundt eit band ein ønskjer å gi eit karriereløft.

– Festivalane tilbyr totalt sett enormt viktig erfaring frå festivalspeling, honorar, og eit trailerlass merksemd. CV-pimping delux! Og ikkje minst; dei får vist seg for eit svært og breitt publikum sommaren igjennom. Ta «I am K» godt imot, dei kjem nemleg for å bli, skriv Sydnes.

Musikkfest Stavanger, Utkantfestivalen, Malakoff, Tysnesfest, Vikedal Roots Music Festival, Fest i Vest, Mablis, Skral Festival, byLØRDAG av Bergen Sentrumsforening, Skånevik Bluesfestival, Den Festivalen i Vangen og Festidalen er med på Vestlandssatsinga 2018.

Fakta: 100 dagar

100 dagar er ein årleg musikkfestival og bransjetreff på Stord for musikkbransjen på Vestlandet.