Drag-bingo på Tons of Rock: – Rock er kjempeskeivt!
I eit miljø der det normbrytande vert hylla, bør det vere naturleg plass til det skeive, meiner drag-artistane Erik Sjon og Fay Goth.
– Det er veldig koseleg og veldig varmt! seier drag-kongen Erik Sjon.
Han og drag-kollega Fay Goth er kledd i svart, langbukser, parykkar og full sminke i det sommarvarme teltet på festivalen Tons of Rock. På programmet står drag-musikk-bingo. Salen er fullstappa, og deltakarane som ikkje har fått plass ved eit bord, sit i ringar på golvet.
– Vi går all out for Tons, slår Erik Sjon fast.
«Tons of Love»
Det er – så vidt dei veit – første gong Tons of Rock har drag på festivalen. I alle fall første gong norske drag-artistar har vorte inviterte.
– Det er heilt fantastisk! Det viser at Tons of Love–initiativet er reelt. Det set eg utruleg stor pris på, seier Fay Goth.
Festivalen har nemleg sjølv retta fokus på respekt og inkludering.
Sidan rockefestivalen finn stad samstundes med Oslo Pride, kan skeive rockarar bli tvinga til å velje mellom dei to. Då er det fint å få litt pride også på Ekebergsletta, poengterer Erik Sjon.
– Kva har drag og rock til felles?
– Veldig mykje! Det er extra og over the top. Alle har ei scenepersonlegheit, anten dei speler i band eller driv med drag. Viss du ser på alle black metal-banda som speler, har dei minst like mykje sminke på som oss. Men vi har rhinestones der dei har naglar, seier drag-kongen.
Vel å merke har Fay Goth også pynta seg med naglar.
– Kjempeskeivt
– Kor skeivt er rock, eigentleg?
– Rock er kjempeskeivt! slår Erik Sjon fast.
– Det er eitt av dei meir inkluderande musikksamfunna. Folk er veldig aksepterande, seier Fay Goth.
På festivalområdet er det mange synlege skeive, og regnbogeflagg overalt, påpeiker dei.
– Rock og metall har vore for utskot og freaks i samfunnet. Det har vi til felles. Vi er annleise og går utanfor status quo, seier Erik Sjon.
Drag-kongen påpeiker dessutan at Judas Priest-vokalisten Rob Halford, som kom ut som homofil i 1998 etter ein lang rockekarriere, har hatt stor innverknad på rockeestetikken.
– Judas Priest har sett standarden for korleis mange metalheads og band kler seg. Rob Halford var ein leather daddy, seier han.
Vil skape ein trygg arena
– Rock vert jo rekna som litt macho og tøft, og nokre skeive opplever kanskje at det ikkje er eit miljø for dei?
– Det er nettopp difor vi vil drive med dette, og vere på rocke- og metallfestivalar: For å gjere det synleg. Dette er eit område for dykk. Her har du ein trygg arena kor du veit du er velkomen, du treng ikkje vere bekymra, seier Erik Sjon.
Han påpeiker at også Metalheads against bullying gjer eit viktig arbeid, og er til stades på festivalen.
Likevel fortel dei to drag-artistane at dei har møtt på motstand. Då dei opptredde på Inferno Metal Festival i 2024, vart dei møtte med hets og drapstrugslar i kommentarfelta i sosiale medium.
– Men det er ikkje verkelegheita. Når vi kjem hit, er det ingen som seier noko i det heile. Det er ingen i det verkelege livet som viser den typen haldningar, seier Erik Sjon.
Passande for juni
Nicholas Odden Kvamme (20) er på Tons of Rock for første gong, etter at han fekk billettar frå tanta til ein festival-kompis. Han var den heldige bingo-vinnaren, og stakk av med eit gåvekort på 1000 kroner til merch på festivalen.
– Det var veldig stilig! Det er awesome, seier han om musikkbingoen.
– Eg trudde ikkje eg visste så mykje om musikk, men dette var songar eg kunne, fortel han.
– Kva synest du om drag på Tons of Rock?
– Det er awesome! Det er veldig passande for kva månad vi er i. Og det viser at alle kan vere med på dette, seier han.
Les også: – Drag rokkar ved maktstrukturane















