Sassy Kraimspri gir tips til deg som vil satsa på musikken

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Frontkvinna i Sassy Kraimspri Ida Collett Belle er ikkje kven som helst. I tillegg til å vera dagleg leiar av AKKS i Stavanger, har ho spela i band i over 20 år. Då ho vaks opp som tenåring i New York spelte ho i band med son til punkdronninga Patti Smith, Jackson. Men kasta han ut av bandet fordi han var for glad i å spela soloar.
Ida Collett Belle flytta til Australia for å studera kjønnstudiar, og starta i band med Rick Belle i 2006. No er dei godt gift. Kring 2010 starta dei Sassy Kraimspri.
Framtida.no snakka med ho på musikkfesten og bransjetreffet 100 dagar på Stord siste helga i januar, saman med lead-gitarist Rick og trommis Thore Pettersen. Bassist Linda Pedersen måtte vera heime i Farsund.
Vestlandssatsing
For eitt år sidan spelte Sassy Kraimspri òg på 100 dagar. Bandet spelte med ein slik energi og eit slikt trøkk at alle i lokalet, inklusiv bandet sjølv berre står og smiler.
«Det er så levande, ekte og med så stor presisjon og leikskap at i løpet av den halve timen dei er på scena klarar faktisk Sassy Kraimspri å omvende heile publikummet til punkrock-entusiastar», står det på nettsidene til 100 dagar.
Halvtimen med konsert gir dei æra av å vera Årets Vestlandssatsing, og honorerte spelejobbar på ein drøss med festivalar på Vestlandet.
– Veldig gøy å spela så mange plassar!

Ida Collett Belle og Thore Pettersen i Sassy Kraimspri fekk prøva ut det første podtellet i Noreg under 100 dagar. Foto: Svein Olav B. Langåker
Elles i året varierer det litt kor mange konsertar det blir.
– Det blir gjerne eit par helgar i månaden. Viss me føler me har råd, så hender det me reiser til utlandet, fortel Ida.
LES OGSÅ: Fekk prøva ut framtidas festivalcamp
Råd til unge musikarar som vil satsa
– Spør spørsmål! Det viktigaste er å spørja andre! seier ho, og utdjupar:
– Bransjen er i endring heile tida, difor er det lurt å spørja folk som held på. Det er mykje kompetanse over heile landet.
Elles rår ho til å følgja nyhendebrev elles på nettet.
– Jobb med det du synest er kult. Og terp på det på din måte.
Ida Collett Belle meiner det har blitt belasta å vera flink.
– Me det krevst jobbing å bli god. Og så er det jo veldig gøy òg.
Ny singel – håpar på album i haust
16. februar slepp bandet den nye digitale singelen «I Don´t Wanna».
Sidan starten kring 2010 har dei gitt ut fire EPar. Tre av desse er gjevne ut som eit album.
Det kjem fleire singlar i løpet av året, og bandet håpar på få å gitt ut eit album til hausten også.