100 Dagar gav 17 festivaljobbar

– Har vore gull verdt, seier manageren til Silja Sol.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Musikkfestivalen 100 Dagar blir arrangert for åttande gong påLeirvik, Stord 5. til 6. februar.

100 Dagar er ein musikkfestival og ein nettverksarena for både festivalar og band fråVestlandet. Opptil 20 band får delta kvart år. Her får dei vist seg fram for eit nytt og større publikum, og for rundt 20 beslutningstakande festivalrepresentantar. 

Arrangementet har vakse jamt og trutt og kan etterkvart vise til ei imponerande liste av band og artistar fråVestlandet. Her kan nemnast blant anna Razika, Fjorden Baby!, Bow to each other, Thea Hjelmeland, Frøken Fryd, Miss Tati, Slutface, Yuma Sun, Elsa og Emilie, Frøder, Tiebreaker og Silja Sol.

– Det gir resultat for gode artistar åspele på100 Dagar og årets arrangement resulterte i 17 festivaljobbar for ulike band, seier festivalleiar Håkon Vatle i ei pressemelding.

LES OGSÅ:Manglar eigen festivalpolitikk

Vestlandssatsing
Det tette samspelet mellom festivalane har ført til «Vestlandssatsinga»der fleire festivalar går saman om åløfta fram det bandet som utmerkar seg mest på100 Dagar. Tidlegare har dette blitt tildelt band som Yuma Sun (2013), Tiebreaker(2014) og Silja Sol (2015). «Vestlandssatsinga»medfører at eitt band eller ein artist får tilbod om 6-10 honorerte festivaljobbar det same året. Slik bidreg festivalane til åbyggja CV og speleerfaring for unge, lovande talent.

– Det at Silja Sol vant Vestlandssatsinga på100 Dagar i vinter gjorde at ho nådde ut til eit breiare publikum. Det har voregull verdt, seier Espen Drivenes, manager for Silja Sol.

LES OGSÅ: Silja Sol er årets Vestlandssatsing

– 100 Dagar har vore heilt avgjerande for oss. Me hadde ikkje vore i nærleiken av der me er no, utan kontaktnettverket me opparbeida oss under 100 Dagar, eller utan eksponeringa den påfølgande festivalsommaren, uttalarTiebreaker i pessemeldinga.

Forutan eit tettpakka konsertprogram inneheld 100 Dagar ogsåaktuelle seminar og workshops for musikarar og festivalleiarar i samarbeid med blant andre BRAK og STAR.

LES OGSÅ:Åtvarar mot veksesmerter i festival-Noreg