UiO-forskar har funne ut at klimagassutsleppa frå musikkbransjen har auka med overgangen frå CD til strøyming.
Ingvild Eide Leirfall

Dei siste åra har strøyming av musikk erstatta avspeling av musikk frå CD- og vinylplater. No har forskarar sett på klimakonsekvensane av dette, skriv UiO på sine nettsider.

UiO Institutt for musikkvitenskap: Kyle Devine

Det er forskarane Kyle Devine, førsteamanuensis ved Universitetet i Oslo, og Matt Brennan frå Universitetet i Glasgow som har samarbeida om forskingsprosjektet «Musikkens kostnad».

UiO-forskar Devine har studert korleis dei miljømessige kostnadane ved musikklytting har endra seg frå 1970-talet fram til i dag.

– Ein av mytane forskinga konfronterer er tanken på at når musikk blir digital, så blir det mindre materielt. Men kva krevst eigentleg av ressursar for å kunne lytte til musikk via internett?

Meir strøyming førte til mindre plast

Med nedlasting og strøyming som primærkjelda i den amerikanske musikkbransjen, gjekk også bruken av plast dramatisk ned.

– Intuitivt kan ein kanskje tenke seg at færre fysiske produkt betyr lågare CO-utslepp. Diverre er ikkje det tilfelle, seier Devine.

Kvifor er det sånn?

Når du lyttar til musikk og podkastar i strøymetenester som Spotify, blir dei digitale lydfilene oppbevart og handtert av datasenter som brukar mykje straum.

Oppbevaring og behandling av musikk i sky, er altså avhengig av store datasenter, som brukar enormt mykje ressursar og energi. Det fører dimed til klimagassutslepp.

Mykje høgare utslepp i dag enn tidlegare

Devine har omsett utsleppa frå produksjon av plast, og bruken av straum som går med i strøyming, til CO2-ekvivalentar. Slik kan han samanlikna kor stort utslepp av CO2-ekvivalentar musikkinnspeling har stått for i USA, i åra 1977, 1988, 2000 og 2016.

I 1977 var utsleppet av CO2-ekvivalentar frå innspelt musikk, 140 millionar kg.
I 2016 var talet rekna til å vera mellom 200 og 350 millionar kg.

Funna er tydelege: Utsleppa er mykje høgare i dag enn tidlegare.

Enorm klimakostnad

Devine fortel at dette overraska han.

– Den skjulte klimakostnaden ved musikklytting er enorm.

Han legg trykk på at poenget med forskingsprosjektet ikkje er å øydeleggja musikkgleda til folk, men å oppmoda forbrukarar til å tenke over kva valg ein tek når ein konsumerer kultur.

Kanskje er det på tide å dra fram igjen denne?

Oppdatert: laurdag 11. april 2020 12.13

LES OGSÅ

ANNONSE