Grøn Ungdom auka med 74 prosent i klimaåret 2019: – Ungdommar er redde for klimakrisa

Grøn Ungdom, Senterungdommen og Raud Ungdom fekk rekordmange medlemmar i 2019.

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

2019 var året då ungdommar samla seg i hopetal og streika for klima.

Dette engasjementet ser ut til å smitta over på medlemstala til Grøn Ungdom.

Ungdomspartiet til Miljøpartiet Dei Grøne opplevde ein medlemsvekst på 74 prosent i 2019, og fekk til saman 1115 betalande medlemmar. Det er ny rekord.

Teodor Bruu er talsmann i Grøn Ungdom. Foto: Privat

– Me er sjølvsagt veldige glade for den enorme medlemsveksten. Ungdommar er meir og meir redde for klimakrisa og sinte på politikarane som ikkje gjer noko, skriv nasjonal talsperson Teodor Bruu i ein epost til Framtida.no.

– I Grøn Ungdom finn ungdom nokon å redda verda saman med gjennom å streika rundt omkring i heile landet, diskutera politikk og få venner som tenker likt som dei.

Ifølgje Teodor Bruu held det fram med å fossa medlemmar inn, og han seier:

– Dette er den store generasjonskampen i vår tid.

Medlemsrekord for Senterungdommen

På Senterungdommen sitt landsmøte 8-10 november vart 23-åringen Torleik Svelle valt til ny leiar. Pressefoto.

Senterungdommen-leiar Torleik Svelle. Pressefoto.

Etter eit par år med nedgang i medlemstala frå 2016 er det no stor jubel på hovudkontoret til Senterungdommen med ein auke på 191 fleire betalande medlemmar sidan 2018.

Dette er ny rekord for Senterungdommen i moderne tid.

– Eg synest det er superstas at så mange har lyst til å vera med på laget! Me har blitt er eitt stort lag med ungdommar som har felles mål, seier leiaren i Senterungdommen, Torleik Svelle, i ei pressemelding.

– Me jobbar for å skapa tenester nær folk, stoppa sentraliseringa og dra i naudbremsen på regjeringa sine meiningslause reformer, legg han til.

– Me arbeider kvar dag for at unge si stemme skal bli høyrt og me ser ein raud vind blant dei unge, seier SU-leiar Andreas Sjalg Unneland. Arkivfoto: Beate Haugtrø

SU-leiaren: – Raud vind blant unge

Medlemstalet til Sosialistisk Ungdom enda på 1473 ved årsslutt – ein vekst på 34 prosent på eitt år. Ikkje sidan 2005 har medlemstalet vore så høgt.

Andreas Sjalg Unneland, leiar i Sosialistisk Ungdom, er strålande nøgd.

– Me har sett eit stadig sterkare ungdomsengasjement for klimatiltak og retten til abort. Klimastreikane har skapt eit vanvittig engasjement. Politikk er meir enn prat for oss i SU. Eg trur mange ungdommar kjenner på det. Me ser ein raud vind blant unge som gir håp for framtida, seier han på telefon til Framtida.no.

LES OGSÅ: Sosialistisk Ungdom vil ha slutt på «sponsing av reklamebonanza»

Raud Ungdom med stor vekst

Raud Ungdom hadde 868 medlemmar ved årsslutt. Det er ein vekst på 46 prosent frå året før.

Tobias Drevland Lund er leiar i Raud Ungdom. Arkivfoto: Beate Haugtrø

– Eg trur til liks med at fleire og fleire får auga opp for Raudt, så ser ungdom at det trengst eit ungdomsparti som står opp mot auka forskjellar, klimaendringane, ein urettferdig skule, krig og som kjempar for feminisme, skriv Tobias Drevland Lund, leiar i Raud Ungdom i ein e-post til Framtida.no.

Av saker Raud Ungdom har jobba med er han spesielt fornøgd med Feministruss-kampanjen dei hadde i samband med russetida i 2019, der dei sette fokus på sexismen og kvinnediskrimineringa som mange unge jenter opplever.

I tillegg trekkjer han fram korleis RU fokuserte på yrkesfagelevar i skulevalkampen.

– Me gjekk ut med krav om lovfesting av lærlingplass, betre utstyrssparkar i dei vidaregåande skulane og auka utstyrsstipendet slik at det faktisk dekker utgiftene til yrkesfagelevane. Eit fleirtal av veljarane våre i skulevalet gjekk på yrkesfag, så eg trur kampanjen trefte ein frustrasjon mange yrkesfagelevar går og kjenner på, avsluttar RU-leiaren.

Benjamin Bringsås er president i Liberalitisk Ungdom. Foto: Liberalistene.org

LibUng-leiaren: – Fleire aktive enn nokon gong

Liberalistisk Ungdom har opplevd ein medlemsvekst på 39 prosent.

– Me har har aldri før hatt fleire aktive. Spesielt har fylkeslaga styrkt seg markant, skriv Benjamin Bringsås, president i Liberalitisk Ungdom.

Der ungdomspartiet tidlegare hovudsakleg har hatt eldre medlemmer frå urbane strøk, ser dei no nye medlemmar som er yngre og frå bygdene.

– Dette tyder på ein veksande organisasjon som stadig breier seg ut til nye, engasjerte over heile landet – og det viser eit ønske frå ungdommen for eit radikalt, liberalt alternativ i den norske politiske floraen, avsluttar Bringsås.

AUF og Unge Høgre har ikkje klar medlemstala sine enno. Framstegspartiets Ungdom oppgav medlemstala sine tysdag ettermiddag, og artikkelen blei oppdatert med desse tala.

LES OGSÅ: Raud Ungdom lei sexisme i russefeiringa – lanserer Feministruss

– Eg trur knute nummer sju som handlar om å droppe bh’en ein heil dag blir enkel, fordi eg som oftest ikkje brukar bh. Og så likar eg nummer ein om å leggje ut bind og tampong på do, seier feministruss Paula Lorentzen (18). Foto: Privat

Medlemstala til ungdomspartia i 2019 og (2018)

  • Senterungdommen: 2074 (1883)
  • Framstegspartiets Ungdom: 1732 (1863)
  • Sosialistisk Ungdom: 1473 (1099)
  • Unge Venstre: 1163 (1054)
  • KrFU: 1159 (1329)
  • Grøn Ungdom: 1115 (639)
  • Raud Ungdom: 868 (596)
  • Liberalistisk Ungdom: 791 (570)