Sosialistisk Ungdom vil ha slutt på «sponsing av reklamebonanza»

I dag kan bedrifter skriva av reklameutgifter på skatten. Det vil Sosialistisk Ungdom ha ein slutt på.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Black Friday, Cyber Monday, Singles day og nyttårssal er alle dagar som er skapt av reklamebransjen for å selje meir. Dette er dagar som er ein forbrukar-orgie – og det må me ta eit oppgjer med, seier Andreas Sjalg Unneland.

Leiaren i Sosialistisk Ungdom viser til at nordmenn handlar for 3,7 milliardar kroner på Black Friday, samstundes som me veit at vårt private forbruk er altfor høgt.

– Nordmenn brukar rundt 3,4 jordklodar i ressursar og det går ikkje saman med å nå dei klimamåla me har, slår ungdomspartileiaren fast.

SU vil ha slutt på sponsing av Black Friday

Unneland understrekar at dei ikkje vil moralisere over folk som nyttar seg av eit godt tilbod, men vil heller ikkje vere med å leggje til rette for eit slikt massivt forbruk.

I dag kan nemleg bedrifter skriva av reklameutgifter på skatten. Ifølgje skatteloven § 6-1 kan nemleg bedrifter skriva av «kostnad som er pådratt for å erverve, vedlikeholde eller sikre skattepliktig inntekt».

Unneland meiner det i realiteten betyr at me er med å sponse reklamebonanzaen som er på desse dagane.

– Det me i Sosialistisk Ungdom vil er at det skal bli slutt på sponsing av Black Friday og reklamebonanza, slik at me får forbruket ned, understrekar han.

Me sendte leiaren i Sosialistisk Ungdom og SV-politikar Freddy André Øvstegård ut på gata for å snakka med folk om reklamepresset. Sjå dei prøva seg som reporterar her:

Vil ha svar frå finansministeren

Med seg på laget har dei forbrukarpolitisk talsperson i SV, Freddy André Øvstegård, som er yngste representanten på Stortinget.

– I eit klimaperspektiv er det jo galskap at staten subsidierer reklamekulturen og reklameindustrien i Noreg, seier Øvstegard.

Han har stilt spørsmål til finansminister Siv Jensen for å finna ut kor mykje inntekter staten går glipp av ved å la bedriftene skriva av reklameutgifter på skatten.

Svaret er venta på sjølvaste Black Friday, den amerikanske handledagen som har teke Noreg med storm dei siste åra.

– Då får me sjå kor mange millionar, om ikkje milliardar, staten bruker på å finansiere dette enorme reklamepresset som eg trur dei aller fleste kjenner på, seier han.