Grøn Ungdom vil investere 15 prosent av oljefondet i fornybart

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Landsstyret i Grøn Ungdom meiner opptil 15 prosent av Oljefondet bør investerast direkte i fornybar infrastruktur.

– Det grøne skiftet kjem berre viss vi puttar pengene i det grøne skiftet, seier Teodor Bruu, talsperson i Grøn Ungdom i ein e-post til Framtida.no.

Han seier vidare at oljefondet må brukast som eit middel til å løyse klimakrisa, og at klimamåla krev ei mangedobling i produksjonen av, og investeringane i, fornybar energi.

Samstundes føreslår Grøn Ungdom å trekkje Oljefondet fullstendig ut av kol, olje og gass.

Klimakrisa krev store investeringar

Regjeringa vedtok nyleg å doble Oljefondet sine investeringar på feltet, men med ei øvre grense på to prosent. Bruu rosar Stortinget for å ha opna for at investering i ikkje-børsnotert infrastruktur for fornybar energi, men meiner investeringsgrensa er sett for lågt.

Talspersonen hevdar det siste tiåret har vist at fornybar energi er svært gode investeringar, og at det er all grunn til å tru at veksten i næringa ikkje kjem til å avta.

– Ved å investere stort direkte i framtidsretta energiprosjekt, slår vi to fluger i ein smekk: vi bidreg i klimakampen på ein effektiv måte og vi sørgjer for at pensjonspengane våre ligg trygt og spreidd, seier Bruu.

Les også: Grøn Ungdom vil strama inn på hyttebygging

Fpu: – Farleg å setje eit politisk mål

Formann i Framstegpartiets ungdom Bjørn-Kristian Svendsrud er samd med Bruu om at fornybar energi har potensial til å gje gode avkastningar.

Samstundes er Svendsrud skeptisk til at Grøn Ungdom vil prosentfeste investeringane til Oljefondet på ein slik måte, og synest ikkje tenaet er eigna for «synsing».

– Eg trur det er farleg å setje eit politisk mål på om det skal vere 15, 10 eller to prosent, seier han og understreker at verken Grøn Ungdom eller FpU har føresetnader om å slå fast ein rimeleg prosentdel.

Formann i FpU, Bjørn-Kristian Svendsrud er imot at det skal vere ein politisk vedteke prosentdel når det kjem til Oljefondet sine investeringar. Foto: FpU

FpU-formannen meiner det bør vere opp til analytikarane innanfor Oljefondet å finne ut korleis ein best forvaltar fondet, og at dei bør få handle deretter.

– Det er framtidas pensjonar, og eit stort ansvar å forvalte eit så stort fond. Det er viktig dei har den fridomen som skal til for gode avkastningar, seier Svendsrud.

Noregs Bank, som forvaltar fondet på vegner av Finansdepartementet, har sidan 2006 bede om å få auke investeringane i fornybar infrastruktur til 10 prosent.

Sjølv om sitjande regjering ikkje har møtt dette ønsket, og hamna på ei to-prosentgrense synest ikkje Svendsrud det vitnar om lite handlekraft på klimafeltet.

– Regjeringa har ein offensiv klimapolitikk, i mine auge, slår Svendsrud fast.

Les også: VG promoterer reiser til Japan, Amazonas og Antarktis: – Perverst, meiner MDG-profil

Sjå utviklinga i verdien av Oljefondet (Statens pensjonsfond – Utland) under:

Tal i milliardar kroner