Raud Ungdom er lei sexisme i russefeiringa – lanserer feministruss

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er viktig å ha det artig i russetida. Dette er noko me har sett fram til frå me var små, men så er det ikkje alltid det blir så artig for alle, seier feministruss Paula Lorentzon.

Ho går siste året på studiespesialiserande på Vest-Lofoten vidaregåande skule og ser fram til å feira avslutninga med ei inkluderande russetid, fri for seksuell trakassering og overgrep.

Difor er 18-åringen ein av arrangørane av Raud Ungdom sin feministruss-kampanje.

– Det er kjipt å høyre at russetida blir øydelagt for andre og at slike ting framleis skjer. Me bur i Noreg som me tenkjer er eit likestilt og trygt land, men så kjem russetida og det verkar som om nokre tenkjer at lovene ikkje gjeld dei.

Feministrussen er ein kampanje starta av Raud Ungdom, som håpar det vert ei tverrpolitisk rørsle som kan føra til ei sikrare russetid. Skjermdump.

Tverrpolitisk og -kjønna feministruss

Sidan kampanjen vart lansert førre tysdag har 448 russ vorte feministruss, noko Lorentzen ser i samanheng med ei feministisk bølgje knytt til mellom anna #metoo-rørsla og dei siste endringane i abortlova.

Sjølv er ho aktiv i Raud Ungdom, men understrekar at feministrussen er open for russ frå alle parti. Det einaste kravet er at ein deler verdiane, som handlar om å ta vare på kvarandre og vere imot seksuell trakassering og overgrep.

Ho trur jentene vert lette å få med, men håpar at òg gutane vert feministruss.

– I dei fleste tilfelle, men ikkje alltid er det gutar som trakasserer. Om gutar ser andre gutar som er feministar vil det kanskje verte mindre kult å vere sånn tøff og trakassere. Det burde ikkje vera tabu å kalla seg feminist. Det betyr ikkje at ein er imot menn, men at ein vil at me skal bli meir likestilte.

Les også: #Metoo endrar knutereglane til russen

«Ja betyr ja»

Noko av det 18-åringen gler seg mest til i russetida er å ta knutar. I samband med kampanjen har feministrussen laga eigne russeknutar som: «Legge ut bind og tampongar på doen på skulen» og «Gi eit ikkje-kroppsleg kompliment til ei jente på fest». Lorentzen vonar desse vert teke inn i russens eigne knutar landet over.

– Knuten som handlar om å gje eit ikkje-kroppsleg kompliment er ein fin ting å gjere, seier 18-åringen.

Ho understrekar at seksualiserte knutar ikkje treng vere negativt, dersom alle er med på det, men at det fort kan verte feil dersom ein ikkje har gjort skikkelege avtalar og forstår andre sine grenser.

Lorentzen meiner det viktigaste russen må gjere er å spørje kvarandre, og snu tankegangen frå at «Nei er nei», til at berre eit «Ja betyr ja».

– Om nokon ikkje seier nei direkte så kan det kome av at dei er redde for å gjere det ubehageleg eller såre nokon. Så lenge du ikkje får eit klart «Ja!» er det ikkje ein god idé.

I tillegg har dei laga si eige speleliste med alternative russelåtar på Spotify.

Les også: Russeservice snur – vil gje «raudruss» same pris som «rødruss»

– Eg skulle ynskje eg var russ i år. Dette er noko eg og venane mine sakna då me var russ, seier feministisk ansvarleg i Raud Ungdom, Mira Stokke.

Uroa ungdomspolitikar

Feministisk ansvarleg i Raud Ungdom, Mira Stokke, er uroa for retninga russekulturen i Noreg har teke.

– Me ser at russetida er vorte eit konsept med mykje sexisme, seksuell trakassering og overgrep. Den ukulturen i russetida heng tett saman med den feminismen me i Raud Ungdom står for, seier feministisk ansvarleg i Raud Ungdom, Mira Stokke.

Ho håpar at feministrussen vert større enn deira organisasjon og at årets russ vel å verte feministruss på tvers av partigrensene.

– Målet er å endre russetida og kulturen til å bli ei inkluderande feiring og fest utan alt det kjipe. Me håpar på ei grunnleggjande haldningsendring frå russen sjølv, men det er òg kult om dette gjer at russ får augo opp for kvinnekamp generelt.

Ho meiner årets tidlege medieoppslag om ein russebuss som ba jenter registrere vekt og seksuell erfaring i eit skjema for å bli med å rulle vitnar om eit ugreitt kvinnesyn, som gjev grunn til pessimisme.

Men allereie morgonen etter ungdomspartiet lanserte det nye konseptet hadde dei fått 141 innmeldingar frå både russegutar og -jenter frå heile landet, noko Stokke ser på som eit teikn om at fleire ynskjer seg ei endring.

– Me håpar at russen blir med og blir feministruss og at dei er greie med kvarandre og passar på kvarandre slik at det vert ei ordentleg bra feiring utan seksuell trakassering og overgrep.

Slik ser dei feministiske russeknutane ut. Skjermdump